Bokbyen i Fjærland

I dag har eg og familien tilbrakt nokre timar i herlige Fjærland! Lunsj på ærværdige Mundal Hotel, og vandring mellom bokutsala i bygda.

Hotel Mundal, også kjent som staden der forfedrene til den amerikanske visepresidenten Walter Mondale kom frå.

Eg liker atmosfæren i bokbyen, og syns det er fantastisk å vandre rundt mellom bokutsala i uthus, fjøs og andre bygg. Det var litt færre utsal sidan sist vi var der (tre-fire år sidan…?), men denne gangen fekk vi ikkje besøkt alle (hadde ein aktiv liten pjokk med oss…) så fekk ikkje inntrykk av om utvalet var mindre enn sist totalt sett.

20120810-015857.jpg

Utruleg nok så kjøpte eg ikkje nokre bøker til meg sjølv denne gongen (har samanheng med at minstemann krevde sin oppmerksomhet). Men til gjengjeld var tiåringen vår heilt i hundre og handla teikneseier og Donald-pocket. Og Hardyguttene…

20120810-020800.jpg

Her handla vi teikneseriar.

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Barne- og ungdomsbøker, Reise og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s