Lesestoff til haustferien!

20121006-122501.jpg
Ei veke med haustferie står framfor meg, og eg har eit håp om å få lese litt:) Eg er alltid optimistisk og tek med fleire bøker enn det eg rekk å lese…. Akkurat no hadde eg ikkje nokre klare kandidater, så eg leita litt i bokhylla og funne noko ulest og ein gamal favoritt.

Det er sjeldan eg les bøker omatt, men eg skal gjere eit unntak og gjenlese En fantastisk mann av Marge Piercy. Eg er spent på om eg framleis liker denne boka like godt i dag som for 15-20 år sidan… Eg har jo fått litt sansen for fantasy i det siste, og denne kan vel nesten kome inn under den kategorien, med sine to paralelle historiar frå eit høgteknologisk framtidssamfunn og frå den jødiske getthoen i Praha på 1600-talet. Høyrest kanskje ikkje så spennande ut, men det er ein fascinerande historie. Skal skrive meir om denne når eg har fått lest den igjen:)

Ellers har eg funne fram ei bok om Sylvia Plath som eg kjøpte for 3-4 år sidan, og ei av Pedro Camaron-Alvarez som eg hadde gløymt at eg hadde. Det blir som regel til at det er romanar som fristar mest, men kanskje eg får begynt på ei av desse no…?

I tillegg hadde eg to biblioteksbøker som eg sikkert snart får purring på… Lånte dei sist eg skulle vekk, men fekk ikkje tid til å lese då. Ragnar Hovland har eg kjempesans for, men har av ein eller annan grunn ikkje lese så mykje av han. Den siste boka var eit litt tilfeldig valg i ei hylle på biblioteket…

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Diverse og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s