En fantastisk mann – eller kan ein elske ein robot?

«En fantastisk mann» av Marge Piercy er ei bok eg skulle
ønske at fleire hadde lese! Har inntrykk av at det er ei forholdsvis ukjent bok, men den fortener mange lesarar. Det er ei underhaldande, tankevekkande og fin bok med ei historie som eg lar meg rive med i, i den grad at eg ser det som heilt naturleg at ein kan utvikle varme følelser for ein robot… Eller for å vere meir nøyaktig, ein kyborg, altså ein blanding av maskin og menneske. Den amerikanske tittelen på boka er «He, she and it», ein meir dekkande tittel enn den norske etter mi meining…

Første gong eg las boka var når den kom på norsk i 1993, og den gjorde sterkt inntrykk på meg den gong. Eg var litt redd for å bli skuffa når eg bestemte meg for å lese den på nytt nesten 20 år etterpå, men heldigvis levde den opp til forventningane! Science fiction er ikkje ein sjanger eg har lese mykje av, men eg blir fascinert av historiar der det er bygd opp eit annleis samfunn som eg kan leve meg inn i, og som har ein indre logikk, anten det er fantasy, science fiction eller andre sjangrar det er snakk om.

Boka har to parallelle historiar (eller kanskje det er meir riktig å kalle det ei hovudforteljing og ei biforteljing); vi beveger oss delvis i eit dystopisk framtidssamfunn der ei katastrofe har ødelagt naturressursar og nasjonalstatar er erstatta av internasjonale konsern, og delvis i den jødiske ghettoen i Praha på 1600-talet. Ei kjærleikshistorie mellom ei ung kvinne, Shira, og kyborgen Yod er sentral, og kampen mellom den demokratiske fristaden dei lever i og dei store elitestyrte konserna dannar ramma rundt kjærleikshistoria og Shira sin kamp for å få tilbake sonen sin frå konsernet der ho tidlegare var ansatt. Eg må innrømme at det er denne historia som er den mest interessante, og at les litt kjappare dei kapitla som omhandlar bihistoria frå 1600-talet…

Det er mange sterke kvinneskikkelser i boka, og det er hovudsakeleg frå kvinner sitt perspektiv vi får høyre forteljinga. Nokre av karakterane kan kanskje vere litt eindimensjonale (som Shiva si mor Riva og barndomskjærasten Gadi), medan andre utviklar seg meir undervegs. Shira si bestemor Malka er ein favoritt blant mange fascinerande karakterar, og kyborgen Yod er eit sympatisk bekjentskap – faktisk langt meir sympatisk enn dei andre «mannlege» karakterane i boka. Det er mogleg at dette er ei bok kvinner vil like betre enn menn, sjangeren til tross…

Det er mange tema som er innvevd i boka; feminisme, jødedom, kabbala, miljø og forholdet mellom menneskeleg og kunstig intelligens. Som mykje science fiction kan ein lese det som samfunnskritikk og advarsel om korleis verda er på veg, og fristaden Tikva står fram som eit døme på korleis eit godt samfunn kan organiserast. Eg har ikkje lese andre bøker av Marge Piercy, men eit kjapt søk på nettet fortel meg at ho er jøde og at t.d. feminisme er eit tema som går igjen i forfattarskapet hennar. Eg har planar om å lese andre bøker ho har skrive, og kan i alle fall anbefale denne boka til alle som har ein viss interesse for science fiction – eller som rett og slett liker ei god og interessant kjærleikshistorie!

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Dystopi, Roman, Science fiction og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to En fantastisk mann – eller kan ein elske ein robot?

  1. Tilbakeping: Margaret Atwood, dystopi og feminisme | Draumeverda

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s