1964

Eg innrømmer det: eg har lese altfor lite Ragnar Hovland. Med skam og melde er det kun «Sveve over vatna» eg har lese tidlegare, og sjølv om eg likte den og elskar Hovland sin underfundige, varme humor og slåande replikkar, så har det blitt med den eine boka. Utan at eg heilt veit kvifor. Eg har høyrt mange Hovland-sitat opp gjennom tida, så eg har vel følt at eg har lese meir enn det eg har…

1964 er ein oppvekstroman der vi følgjer 12 år gamle Rolf gjennom året 1964. Ragnar Hovland skildrar personane med  varme og humor, samstundes som det ligg eit alvor under. Det er ei fornøyelig, men litt sår forteljing om barndom. Boka er lettlest og underhaldande, men likevel ikkje for lett.

Anbefalast! Og eg skal definitivt skjerpe meg og lese meir Hovland. Kanskje eg skal byrje med «Ei vinterreise»?

Her er eit klipp frå Ragnar Hovland som les frå boka. Kva er vel betre enn å høyre Hovland lese Hovland?

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Norsk litteratur, Nynorskbøker, Roman og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s