Jeg nekter

Jeg nekter

Denne boka av Per Petterson fekk eg til jul, og den har blitt lese litt i rykk og napp sidan då. «Ut og stjæle hester» av samme forfatter er ei av favorittbøkene mine, men eg var ikkje fullt så begeistra for «Jeg forbanner tidens elv». Forventningane var difor prega av forsiktig optimisme…

Eg måtte jobbe litt for å komme meg gjennom boka, men eg likte den forsåvidt ganske godt etterkvart. Boka starter med at to gamle venner, Tommy og Jim, møtes tilfeldig etter å ikkje har sett kvarandre på 35 år, og gradvis blir forhistorien deira rulla opp. Perspektivet skifter mellom desse to og eit par andre personar, og vi hopper fram og tilbake i tid. Dette fungerer i grunnen godt for å få fram ulike sider ved skjebnene deira, og nokre av dei viktige personane rundt dei. Eg har sett at fleire meiner dette er Per Petterson si beste bok, men sjølv blei eg ikkje heilt rive med og brukte lang tid på å fullføre boka. Veit ikkje kva som gjorde at eg hadde såpass mange pauser i lesinga, om det var fordi det var travle dager eller at den rett og slett ikkje fenga godt nok… Eg endte i alle fall opp med å lese to ungdomsbøker innimellom, før eg fekk avslutta denne i vinterferien. Kanskje eg berre er ein litt umoden leser for tida…

Trur eg konkluderer med terningkast fire. Kanskje det hadde blitt meir positivt om eg hadde kome betre i gang og lese den samanhengande. Eller kanskje ikkje?

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Norsk litteratur, Roman og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s