Enders spill

Enders spill er ei av seks science fiction bøker i ein ny serie som Vendetta Forlag har gitt ut. Bøkene er i pocketversjon, og nokre av dei er gitt ut på norsk for første gong. Meir om serien finn du på http://vendettaforlag.no/scifi (og nei – eg har ingen bindingar til Vendetta Forlag…) Eg har ikkje lese nokre av desse frå før, men syns det var fleire spennande titlar her. Eg var difor veldig fornøyd då eg fann bøkene utstilt hos min lokale bokhandel, og valgte meg ut Enders spill og Snow Crash til påskeferielitteratur.

Enders spill

Eg starta med å lese Enders spill av Orson Scott Card, både fordi eg har hørt litt om den frå før (har forstått at dette kan reknast som ei kultbok, som attpåtil blir filmatisert i år…) og fordi tematikken virka interessant. Hovudpersonen Andrew «Ender» Wiggins blir som 6-åring verva til Krigsskolen, ein romstasjon der spesielt talentfulle barn blir trent opp til soldatar som skal slåss i ein krig mot «aliens». Ender vert sett på som menneska sitt siste håp, og vert difor utsatt for diverse hindringar og eit umenneskeleg press frå omgivelsene rundt seg for at han skal nå sitt potensiale som taktisk krigførar.

Dette er ei bok som fekk i gang mange tankar hos meg, både underveis og i etterkant. Av og til er det slik at eg ikkje er ferdig med ei bok når eg har lese siste side, men blir gåande og tenke på den i lang tid etterpå. Enders spill er i høg grad ei slik bok. Sidan eg er lærar  og meir enn gjennomsnittleg opptatt av forholdet mellom barn og vaksen i undervisning og opplæring, så var spesielt Ender si tid på Krigsskolen interessant (og skremmande) lesning… Boka problematiserer også denne type instrumentalisme, det å bruke andre menneske som eit verktøy for å nå sine mål, enten desse måla er idealistiske eller egoistiske. Forholdet mellom Ender og dei to søskene hans er også sentralt i denne problemstillinga. Andre tema som gjennomsyrer boka er krig, rettferdiggjering av vald, makt og leiarskap, individ vs. felleskap og «det gode» vs «det onde».

Eg likte denne boka veldig godt, sjølv om eg ikkje var fullt så begeistra for siste delen som eg var for resten av boka. Dermed ville eg nok gitt eit sterkt terningkast fem på denne, sjølv om den såvidt lukter på seksaren. Orson Scott Card har visstnok skrive ein heil serie med bøker utifrå dette universet, men eg har fått intrykk av at kvaliteten er synkande i dei neste bøkene. Vurderer om eg skal lese den neste boka i serien eller gje meg «mens leiken er god»… Uansett, eg kan absolutt anbefale Enders spill, enten du er science fiction interessert eller ikkje – dette er ei bok som er interessant på så mange plan!

Oppdatert: Filmen Enders Game kjem etter planen på kino hausten 2013. Her er ein liten smakebit:

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Roman, Science fiction og merkt , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s