Neal Stephenson: Snow Crash

snow crashMeir science fiction frå Vendetta forlag! Etter at eg hadde ein positiv leseopplevelse med Enders spill, så må eg innrømme at eg blei litt skuffa over Snow Crash. Hadde store forventningar til boka etter å lese veldig positive omtaler på nettet, så deremed var også fallhøgda stor… Men eg skal starte med det eg likte, det var nemlig fleire ting ved boka eg likte godt. I periodar er det godt driv i boka, og det er spennande scener som både er actionfylte og morsomme. Boka vekslar mellom synsvinkelen til to personar: Hiro og Y.T. Hiro er pizzabud i den verkelege verda, men i Metaverdenen er han ein velkjent hacker og sverdkjemper. Y.T. er 15 år og jobber som kurér, ei «streetsmart» jente med skateboard som framkomstmiddel, og som takler det meste av utfordringer ein kan møte på i eit forholdsvis hardt samfunn. Persongalleriet i Snow Crash består av mange sære individ og spesielle småsamfunn, men det fungerer ganske godt for meg. Men eg syns Neal Stephenson blir litt for detaljert og teknisk i skildringane av samfunnet/Metaverdenen og korleis det er bygd opp. Eg vurderte seriøst å leggje frå meg boka når eg hadde lese 60-70 sider, men fortsatte heldigvis – for det blei bedre etter det. Ein annan ting eg hadde problem med undervegs var historia med dataviruset Snow Crash, og parallellane forfattaren drar bakover i religionshistorien. Eg reknar meg sjølv som over middels interessert i religionshistorie, men eg tok meg sjølv i å kjede meg mens eg las nokre av desse avsnitta…

Terningkast 4 frå meg. Mulig cyberpunk ikkje er heilt min sjanger… Eg har ein følelse av at dette kanskje er ei bok som mange guter/menn vil like betre enn det eg gjorde… Eller?

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Science fiction og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s