Smakebit på søndag: Eragon

Eg prøver meg for første gong på «En smakebit på søndag» som er eit fast tema på bloggen Flukten frå virkeligheten. Klikk deg innom der for å finne fleire litteræreeragon smakebitar:)

For tida les eg Eragon, første bok i fantasyserien Arven av Christopher Paolini. Eragon er vel ei barne/ungdomsbok, men fungerer fint for eldre lesarar også;) Den 15 år gamle guten Eragon finn eit drageegg , og dette det er starten på eit spennande eventyr der Eragon hamnar midt i kampen mellom eldgamle krefter. Undervegs treff vi på drageriddarar, onde trollmenn og uhyrer, alver og dverger. Her er eit utdrag frå starten av boka (s. 34), før Eragon veit at det er eit drageegg han har funne. Landsbyen hans har besøk av omreisande kremmarar:

Etter hvert som dagen gled over i sen ettermiddag, begynte kremmerne å gå hjem til folk med varene sine. Eragon ventet utålmodig på at det skulle bli kveld, for da kom trubadurene ut for å fortelle historier og gjøre tryllekunster. Han elsket å høre om trolldom, guder og, hvis han virkelig hadde flaks, drageridderne. Karvahall hadde sin egen historieforteller, Brom – som Eragon var gode venner med – men fortellingene hans ble utbrukt med årene, mens trubadurene alltid hadde nye, og han lyttet begjærlig til dem.

Eg har hatt denne boka ståande i hylla ei stund, og byrja egentlig å lese den no fordi eg har eit par elevar som les boka i eit leseprosjekt på skulen. Eg blei inspirert til å lese Eragon parallellt med dei, og det gjer det også kjekkare å svare på leseloggane dei skriv undervegs i lesinga:) Første delen av boka tenkte eg at det var ei heilt grei bok – spennande og underhaldande, men den greip meg ikkje nok til at eg ville lese vidare i serien. Språket er kanskje litt enkelt og banalt for ein på min alder…? 12-13-åringane som les boka liker den i alle fall veldig godt! Siste halvdelen av boka har imidlertid fanga meg inn i historia på ein annan måte (muligens fordi alven Arya blei meir sentral i forteljinga – eg er nemlig litt svak for vakre alver…). No når eg nærmer meg slutten vurderer eg sterkt å lese neste bok i serien også:) Men eg fekk i alle fall følgjande råd frå ein av elevane: Ikkje sjå filmen Eragon – den var ein stor skuffelse etter å ha lese boka…

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Barne- og ungdomsbøker, Fantasy, YA/Ung vaksen og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

30 Responses to Smakebit på søndag: Eragon

  1. Monika seier:

    Jag har läst de tre första böckerna om Eragon och tycker väldigt mycket om dem. Och jag får nog kalla mig vuxen 🙂

  2. Jeg tror jeg har sett filmen men ikke lest boken, kanskje det hadde vært noe for sønnen på 13? Tusen takk for smakebiten og velkommen til «En smakebit på søndag». Ha en fin dag!

    • Frøken Vims seier:

      Takk Beathe! Kan anbefale den til gutt på 13 år! Har ein gutt på 11 sjølv, men han er ikkje så begeistra for fantasy (eg jobber med saken…). Fin bok for «bokslukere» i denne alderen:)

  3. Melusine seier:

    Bra du advarer mot å se filmen, den ga meg ikke særlig lyst til å lese boken for å si det sånn – men nå kunne jeg tenke meg det så takk for denne smakebiten 🙂

    • Frøken Vims seier:

      Så kjekt at du fekk meir lyst å lese boka no:) Eg blei nesten litt nysgjerrig på filmen, lurer på kva dei har gjort for å ødelegge eit så godt utgangspunkt som denne historien er…

      • Melusine seier:

        Vel, jeg tror jeg er forutinntatt ettersom jeg mener det alltid er best å lese boken først. Filmen er bra, og gjorde slik at jeg ønsket å lese boken 🙂

  4. Ewelina seier:

    Har läst Eragon flera gånger och tycker att det är en bra bok 🙂

  5. Tine seier:

    Takk for fint tips. Er litt i beit for lesestoff til 11 åringen min, så kanskje vi skal prøve oss på Arven? Ha en super søndag!

    • Frøken Vims seier:

      Takk for det, TIne! Skal prøve å lokke 11-åringen min til å bli interessert i den også:) Han er litt av ein lesehest, men litt skeptisk til fantasy… Ha ein fin søndag du også!

  6. astridterese seier:

    Eragon er SÅ fin! Jeg har lest de to første bøkene to ganger, men resten bare en gang. Og så har jeg selvfølgelig filmen 🙂 Drager *sukk* 🙂

    • Frøken Vims seier:

      Fantastisk univers å begi seg inn i! Eg brukte litt tid på å bli rive med, men når eg først var hekta så var det vanskelig å rive seg laus;) Kva syns du om filmen?

  7. anette seier:

    Flott smakebit! Nei, det er ikke bestandig det er lurt å se filmer basert på bøker 😉

  8. Frøken Vims seier:

    Takk, Anette! Ikkje alltid så lurt det, nei:) Men har i det siste lest fleire bøker etter å ha sett filmen først, og det har vore positive opplevingar. Men då må filmen sjølvsagt friste ein til å lese boka:)

  9. Åslaug seier:

    Les ikkje mykje fantasibøker sjøl, men har barnebarn som nok vil finne dette interessant! Gode tips til gaver. Ha ein fin søndag!

  10. Jag har sett filmen och är nog nöjd där. Men tack för smakbiten!

  11. Lena seier:

    Har inte läst denna bok, däremot har jag sett filmen.

  12. Tack för smakbiten! Har inte läst den själv, men 10-årige sonen har läst alla tre och gillar dem verkligen.

  13. Lexie seier:

    Tack för smakbiten:) Har boken hemma men inte läst den men gillade filmen väldigt mycket:)

  14. Elin seier:

    En av mine favoritt fantasi serier:) Elsker den boka og resten av serien:)

  15. stjernekast seier:

    Ihh, jeg har de tre første bøkene i pocketformat stående opp etter veggen med bøker under og over seg. Har villet lese serien siden jeg gikk på ungdomsskolen. Håper det ikke er forsent selv om språket kan bli for enkelt for oss voksne. Jeg vet ikke om den fjerde og siste boka er oversatt til norsk enda, jeg vil vente med å lese de til den fjerne er «i boks» først i såfall. 🙂

  16. Frøken Vims seier:

    Trur den fjerde boka kom ut på norsk i fjor, så da er det berre å kaste seg uti det:) Vurderer å begynne på bok nr 2 no, viss eg ikkje sparer den og resten av serien til sommarferien… Eg hengte meg litt oppi språket i starten, men når eg kom skikkelig inn i handlinga så la eg ikkje merke til det lenger:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s