En smakebit på søndag: Ein vakker dag

6473057481_ce462009e6_oEn smakebit på søndag er fast spalte på bokbloggen Flukten fra virkeligheten. Ein fin måte å få varierte smakebitar frå mange ulike bøker og bloggarar:)

Denne helga les eg Ein vakker dag av Anna Gavalda. Om sant skal seiast, så har eg allereie lese ut boka… Den er kort og lettlest, og fort gjort å lese. Men det er absolutt ei lita perle av ei bok! Handlinga går føre seg over eit par dagar, og vi følgjer tre søskjen; Garance, Simon og Lola som stikk av frå eit lite lovande slektsbryllup for å besøke yngstebroren Vincent. Gavalda skriv om søskenkjærlighet, oppvekst og det å bli vaksen, og om å ta ein kort pause frå kvardagslivets plikter. Personskildringane er herlige,  og eg liker språket veldig godt, i all sin enkelthet! Anna Gavalda er god på dialogar, og her er det mykje av dei. Det er eit lett og ledig språk, og slangen høres naturlig ut, også på nynorsk;) Eg har jo ikkje lese originalen på fransk, men syns oversetter Tove Bakke har gjort ein strålande jobb så langt eg kan skjønne.

Ein vakker dagEg har valgt ut to smakebitar frå boka. I den første skildrar forteljarstemma, Garance, korleis ho og søstera Lola utfyllar kvarandre, og i den andre reflekterer ho over «tjuvpermen» deira:

Ikkje fordi vi er like, tvert imot… Ho er  redd skuggen sin, mens eg set meg på min. Ho skriv av sonetter, eg lastar ned samplingar. Ho beundrar kunstmalarar, eg har meir sans for fotografar. Ho seier aldri det ho har på hjertet, eg seier alt rett ut. Ho skyr konfliktar, eg likar at ting er på bordet. Ho likar å vere «litt susete», eg drikk når eg drikk. Ho likar ikkje å gå ut, eg likar ikkje å gå heim. (s. 60)

Det som vi henta her, og det visste vi alle fire, var litt ekstra påfyll. Kall det utsetjing, parantes, nådestund, tjuvperm. Nokre timar vi stal oss unna, nokre timar vi stal… frå dei andre… Kor lenge enno ville vi ha energi til å rive oss laus frå kvardagen og berre stikke på tur? Kor mange luftepausar skulle livet enno gi oss? Og nasestyvarar? Og ekstra kakestykke? Og når kom vi til å miste kvarandre, og korleis skulle det gå føre seg når banda brast? Kor mange år hadde vi att før vi vart gamle? (s. 136-137)

Boka blei lese på terrassen i dag, og er ei perfekt bok for solfylte og litt sløve dagar. Om du ikkje har lese Anna Gavalda før, så er dette ei fin bok å starte med. Kan også absolutt anbefale Saman er ein mindre aleine og novellesamlinga Eg vil at nokon skal vente på meg. Eller, i grunnen så anbefaler eg alt av Anna Gavalda…

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Nynorskbøker, Roman og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

29 Responses to En smakebit på søndag: Ein vakker dag

  1. Monika seier:

    Jag har läst väldigt delade meningar om Anna Gavalda, från väldigt dåligt till väldigt bra och det gör mig lite nyfiken.

  2. Jeg har lest og har boken Saman er en mindre aleine, og den likte jeg veldig bra. Og det samme med filmen. Og dine smakebitet har overbevist meg om at jeg skal lese Ein vakker dag. Og det at de er skrevet på nynorsk er et pluss. Det blir mye mer poetisk. Takk for smakebiten.

    • Frøken Vims seier:

      Det er bra, håper du liker boka du óg:) Den er veldig mykje kortare enn Saman er ein mindre aleine, nesten som ein mellomting mellom ei novelle og ein roman. Og språket er fint, ja!

  3. Tine seier:

    Takk for fine smakebiter. Jeg har også blandede følelser til det Anna Gavalda har skrevet, noe bra noe ikke så bra. Har lest, «Hunting and gathering» hvis det er den engelske oversettelsen av «Saman er ein mindre aleine» så likte jeg den veldig godt. Lykka er ein sjeldan fugl ga jeg en 3`er. Ein vakker dag har jeg til gode, får spore den opp på engelsk, så jeg slipper unna nynorsken. Synes det var underlig å lese en fransk bok på nynorsk 🙂

    • Frøken Vims seier:

      Hehe, det med nynorsken har nok mykje med vanen å gjere:) For meg er det like underlig å lese fransk oversatt til engelsk eller bokmål;) «Lykka er ein sjeldan fugl» er nok ei litt tyngre bok å komme inn i, syns i alle fall å hugse at eg sleit litt med første halvdelen men at eg likte siste delen veldig godt.

  4. Har ikke lest noe av forfatteren før, men når du nevnte «Saman er ein mindre aleine» så måtte jeg inn å se om jeg ikke hadde den i hyllen og det hadde jeg. Leser veldig lite på nynorsk men det hr jeg tenkt å gjøre noe med, noterer meg denne boken også. Tusen takk for smakebitene:)

  5. Anette seier:

    Nydelige smakebiter! Får mer og mer sansen for nynorsk kjenner jeg 🙂

  6. Åslaug seier:

    Dette var akkurat den påminningen jeg trengte, for denne boka har jeg planlagt å lese. Jeg er en av de som liker Gavalda veldig godt. Og fransk oversatt til nynorsk er bare nydelig!

    • Frøken Vims seier:

      Høres ut som vi er veldig enige:) Har hatt denne boka liggande ei stund sjølv. Den er nesten litt for kort, sånn at du ønsker den skal vare litt lenger…

  7. Tack för smakbitarna. Anna Gavalda har jag tänkt läsa under 2013, har en bok stående och väntar i hyllan…

  8. Carro seier:

    Jag har läst en bok av Anna Gevalda, blev inte sådär jättebetagen.. Men borde kanske prova en annan 🙂

  9. dez seier:

    Denne boken fikk jeg lyst til å lese – og få inn i nynorskseksjonen i biblioteket der jeg jobber : )

    Takk for flott boktips og fin smakebit : )

  10. astridterese seier:

    Jeg likte veldig godt Saman er ein mindre aleine. En stund etterpå prøvde jeg meg på Lykka er ein sjeldan fugl, men den fikk jeg det ikke til med. Denne har jeg kke prøvd meg på, så jeg setter den opp på leselisten. Takk for fint tips og ha en fin søndag!

    • Frøken Vims seier:

      Eg likte nok også best Saman er ein mindre aleine. Ein vakker dag er ei mykje kortare bok enn begge dei du nevner, nesten som ei lang novelle… Fin å lese ferdig på ein dag:)

  11. Toneone seier:

    «En perle av en bok» høres bra ut! Jeg har den stående i bokhylla, men har ikke lest den selv ennå. Jeg elsket Saman er ein mindre aleine, det var faktisk en av bøkene som gjorde «lese på nynorsk-kneika» mi mindre også. 🙂
    Nå leser jeg mer enn gjerne nynorsk, heldigvis, og kunne ikke tenkt meg å lese Gavalda-bøkene på annet enn nettopp nynorsk.

  12. Mandelhjärta seier:

    Takk for smakebiten og påminnelsen om denne forfatteren! 🙂
    (Jeg har faktisk «Lyckan är en sällsam fågel» i bokhylla – på svensk.) 😉

  13. Frøken Vims seier:

    Bare hyggelig:) Eg likte jo Lykka er ein sjeldan fugl også, men den er litt tung i starten…

  14. stjernekast seier:

    Åååh, Anna Gavalda! ❤ Jeg er så enig, denne boka er en perle! Jeg har lest alt av Anna Gavavla, digger dama. Perfekte smakebiter du har plukket ut og delt med oss. Tusen, tusen takk. God helg!

  15. Frøken Vims seier:

    Takker! Har lest alt av Gavalda eg også, og latt meg sjarmere kvar gong:) God helg!

  16. Tilbakeping: Topp ti-liste: Bøker som handlar om reising | Draumeverda

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s