Heidi Linde: Agnes i senga

«Agnes i senga» av Heidi Linde er ei akkurat passe tankevekkande, underhaldande og lettlest bok om det å ha kjærlighetssorg, grave seg ned i sorga, takle motgangen og gå vidare i livet.

agnes i senga

Det er ei stund sidan eg har lånt bøker på biblioteket. Eg er nemlig ikkje så flink til å levere inn igjen bøkene eg låner. Det kjem høflege purringar i posten (eller dei kjem vel mest på epost no), og av og til må eg til og med betale for meg når eg endeleg leverer dei inn att. Det er litt flaut, syns eg. Det passer seg liksom ikkje for voksne, ansvarlege menneske å ikkje levere tilbake det ein har lånt utan å bli masa på. Og så få eg dårleg samvittighet fordi andre ikkje har fått lese dei bøkene som eg har hatt liggande så lenge. Spesielt om eg ikkje har lest dei sjølv eingong…

Men i det siste har eg vore innom biblioteket eit par gonger og lånt bøker med ungane mine. Og forrige gong stoppa eg opp ved hylla for nye bøker, og tok opp Agnes i senga av Heidi Linde. Fordi eg har sett denne bli nemnt av andre bloggarar, så tenkte eg at kanskje dette var ei bok eg burde lese. Eg burde jo tross alt lese litt meir ny norsk litteratur, ikkje sant?

Eg begynte å lese boka mest fordi eg syns eg måtte vere litt flink. Vere flink å lese boka eg hadde lånt på biblioteket. Før lånetida var ute. Vere flink å lese litt ny, norsk litteratur. Eg hadde ikkje egentlig så høge forventningar. Men eg oppdaga at eg likte boka godt. Veldig godt etterkvart. I starten blei eg litt irritert over Agnes (32 år) og hennar litt «umodne» måte å takle kjærlighetssorgen på, ved å holde senga og sjå Dr. Phil på TV. Og spesielt når vi fekk små glimt frå samlivet med eksen, William, som ikkje alltid framstod som den mest forståelsesfulle partner. Men etterkvart som vi får høyre meir om oppveksten til Agnes, og etterkvart som ho begynner å åpne augene for livet rundt seg igjen, blir historia meir interessant. Det er varme og humor, og det balanserer mellom det tragiske og det tragikomiske. Eg har sett at boka har blitt samanlikna med Bridget Jones. Eg ser forsåvidt parallellen, men eg syns Agnes i senga lodder litt djupare og er mindre fjasete enn Bridget Jones – samtidig som den er lettlest og akkurat passe feelgood. Eg vil i alle fall lese meir Heidi Linde, så Nu, jævlar står på lista over passande sommerferiebøker:)

(Etter å ha publisert dette kom eg over Lines biblioteks fantastiske innlegg om Agnes i senga, og kvifor dette ikkje er chic lit. Både innlegget og kommentarfeltet der må berre lesast!)

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Norsk litteratur, Roman og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

2 Responses to Heidi Linde: Agnes i senga

  1. Takk for lenke, og så hyggelig at du likte innlegget mitt og – ikke minst – kommentarfeltet! Jeg tror jammen at det var enda morsommere enn Agnes i senga, selv om jeg lo veldig godt av romanen. Nu, jävlar likte jeg ikke så godt, men det var mye fint der også.

  2. Frøken Vims seier:

    Har sett at Nu, jävlar ikkje har fått like god omtale som Agnes i senga, men tenker eg skal gje boka ein sjanse likevel:) Har i allefall fått meg eit spennande, nytt bekjentskap i Heidi Linde! Og i tillegg ein oppklarande runde på chicklit og feelgood-litteratur i innlegget ditt;)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s