Ingelin Røssland: Kirsebærsnø

kirsebærsnø

Kirsebærsnø har eg lese først og fremst fordi eg har sett den har fått positiv omtale hos andre bokbloggarar. I tillegg verka historia interessant og gjenkjennbar for lesarar i min alder og livsfase (type litt moden kvinne som snart skal lage til 40-årslag til mannen…) Boka er kjøpt og lest i løpet av ein lørdag ettermiddag og kveld, og eg hadde store vanskar med å legge den vekk når det var tid for taco og laurdagskos…

Handlinga utspelar seg i vakre Hardanger, med fruktbløminga som bakteppe. Boka startar med 40-årsfesten som hovudpersonen Catherine arrangerer for mannen Tom Ove. Ho byrjar å få ei kjensle av at Tom Ove tek ho for gitt, og at han ikkje set pris på det ho gjer for han, både i forhold til denne festen og elles i kvardagen. Og når det då dukkar opp ein framand i bygda, ein svensk dyrlegevikar, som ser ho – verkeleg SER ho, då set det i gang kjensler hos Catherine.

Han har stoppa nedanfor trappa. Står der og kikkar opp på henne med eit smil som får henne til å smila tilbake. Hjarta sprellar til som ein liten fisk. Ho er glad for at nokon kom. Det er det ho alltid vil når ho går bort frå der dei andre er. Ho vil at nokon skal oppdaga at ho ikkje er der lenger, sakna henne, leita etter henne, finna henne. Som då ho var lita og pakka den vesle, raude kofferten med kvite blomar på for å rømma. Heile formiddagen kunne ho sitta under syrinbusken i hagen og lengta etter at mora skulle finna henne. Til slutt måtte ho alltid gi opp. Det var betre å rømma når ho var på besøk hos besta. Besta fann henne kvar gong.

Kirsebærsnø er lettlest, med godt språk og gode dialogar. Ingelin Røssland skildrar veldig godt relasjonane mellom hovudpersonen og dei rundt henne. Forholdet til mormora blir veldig fint skildra, og eg får gode assosiasjonar til timar tilbragt ilag med mi eiga farmor. Ei stor grad av gjenkjenning er nok noko av det som gjer at eg likar boka så godt, det at det er mykje eg kan kjenne meg igjen i. Eg er i slutten av 30-åra (og skal snart arrangere 40-årslag til mannen min…), har hatt ei ungdomstid med dans på lokalet som Catherine tenker tilbake til, vaks opp med ei med mi eiga farmor som budde nært nok til at eg kunne stikke innom for ein god prat eller ein matbit når eg ville, og som budde i eit hus veldig likt det Cathrine besøker i boka. Eg har delt Catherine si oppleving av å rømme heimifrå som liten, men at tolmodigheten tok slutt før nokon hadde savna meg. Eg har til og med gitt bror min eit arr i hovudet, med der Catherine brukte ei vedskie brukte eg eit spyd vi hadde spikka av tre…

Mykje av boka handlar om kva val Catherine vil ta; vil ho gje etter for freistinga, eller vil ho stå imot? Røssland klarar å unngå at det blir klisjeaktig. Catherine ser både dei gode og dei mindre gode sidene ved ektemannen Tom Ove, og innser at ho jaktar etter feil ved han som kan forsvare det dersom ho innleier eit forhold til veterinæren Alex.

Tom Ove skrapar sausen bort i eine sida på tallerkenen. Catherine sit klar til å angripa han for kvar minste ting. Ho er ikkje snill. Ho er på ingen måte snill. Ikkje i dag, ikkje i morgon, aldri meir. I går saman med Alex var ho så annleis, så ny. Ho likte å vere det. Likte å vere ny for nokon, utan all historie. Minne om ting ho har gjort eller sagt, som kan bli slengt i henne når ho minst anar det. Korleis kan ho vere ny med Tom Ove, ny mot Jenny?

Kirsebærsnø handlar om kjærleik og romantikk, men den handlar også om forholdet mellom mor og dottar, om familien, om konfliktar rundt arv, om kva blikk vi ser kvarandre med, og om å bestemme seg for å bli midtpunkt i eige liv igjen. Handlinga er kvardagsleg og konkret, men eg syns likevel ikkje boka er for enkel. Dette er ei bok som eg vil anbefale varmt vidare; den er morsom, romantisk og med eit snev av «feelgood». Målgruppa er nok først og fremst kvinner, men menn burde også lese den. Kanskje eg burde få mannen min til å lese den før 40-årsfeiringa, berre sånn for å minne han på at vi ikkje må ta kvarandre for gitt…?

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Norsk litteratur, Nynorskbøker, Roman og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Ingelin Røssland: Kirsebærsnø

  1. Tilbakeping: Oppsummering av leseåret 2013 | Draumeverda

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s