Topp ti-liste: Bøker som handlar om reising

Lister er jo gøy, og på bloggen luftenavtrykksverte fann eg ei ti på topp-liste som handlar om reising. No er det ei veke sidan The Broke and the Bookish hadde dette som tema på Top Ten Tuesday, men eg blei uansett inspirert til å lage mi eiga topp ti-liste over bøker som på ein eller annan måte handlar om reising. Det var mange gode kandidatar til å kome med på lista, veldig mange bøker inneheld jo ein ferie, ei reise eller ein tur av eit eller anna slag. Eg har difor prøvd å halde meg til bøker der det å reise er sentralt for boka.

zen 1. Zen og kunsten å vedlikeholde en motorsykkel av Robert M. Pirsig. Det er lenge sidan eg har lest denne boka, men det eg hugsar er at eg fekk lyst til å kjøpe meg motorsykkel (og mekke på den sjølv…). Og kanskje bli buddhist. Eg fekk meg riktignok motorsykkellappen, men kom aldri så langt at eg skaffa meg motorsykkel…  Zen og kunsten å vedlikeholde ein motorsykkel er ei forteljing om ein far og hans elleve år gamle sønn som reiser på tvers av det amerikanske kontinentet på motorsykkel. Det er også ei reise på andre plan; ei reise i fortida og innover i seg sjølv.

Ein vakker dag

2. Ein vakker dag av Anna Gavalda.

Ei kort og vakker roadbok-trip gjennom franske landskap. Handlinga går føre seg over eit par dagar, og vi følgjer tre vaksne søskjen; Garance, Simon og Lola, som stikk av frå eit lite lovande slektsbryllup for å reise og besøke yngstebroren Vincent som har sommarjobb på eit slott langt ute på landet. Gavalda skriv om søskenkjærlighet, oppvekst, det å bli vaksen – og om å ta ein kort pause frå kvardagslivets plikter og bekymringer.

 

gå eller kunsten å leve...

3. Gå, eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv av Tomas Espedal.

Blir rekna som den mest lettleste av bøkene til Espedal, og min favoritt (av dei to eg har lese…). Tomas Espedal mikser det sjølvbiografiske og det fiktive. Hovudpersonen går fysisk frå Bergen sentrum, via Åsane og vidare i retning Sognefjorden. I andre del av boka går han i fjella i Hellas og i Tyrkia, og i sentrum av Paris. På samme tid ei skildring av fysiske fotturar, gjerne lange og slitsomme, og ei dannelsesreise der ein får innblikk i ulike forfattarar og filosofar sitt forhold til det å gå.

himmelsjøen4. Himmelsjøen. Reiser gjennom Sinkiang og Tibet av Vikram Seth.

Vikram Seth er ein av mine favorittforfattarar, eg elska En passende ung mann, likte ganske godt En egen musikk og sånn passe godt To liv. Himmelsjøen er ei biografisk forteljing om ei reise forfattaren gjorde frå Kina til heimbyen New Dehli. For å spare penger vel han ei nokså uframkomeleg rute; og haikar heim til India via Tibet. Det blir ei strabasiøs og opplevelsesrik reise både for forfattar og for lesar.

 

L5. L av Erlend Loe.

Om generasjonen som ikkje har bygd Norge. Sju unge menn reiser til ei stillehavsøy på ein meir eller mindre vitenskaplig ekspedisjon. Eg las denne boka som backpacker i Asia, og får fremdeles følelsen av sand mellom tærne når eg ser omslaget… Trur kanskje dette er grunnen til at dette er mi favorittbok av Erlend Loe.

 

on the road6. On the Road av Jack Kerouac

Den ultimate amerikanske roadtrip-boka frå beatforfatteren Jack Kerouac. Sal og Dean krysser det amerikanske kontinentet, og boka er basert på reiser som Jack Kerouak og vennene hans gjorde. Dette er også ei bok som eg har lese på reise; kjøpt og lest i Kathmandu. Ga den til kjærasten når eg kom heim, og han likte den egentlig betre enn det eg gjorde.  Men han lånte vekk boka til ein kompis, og sidan har vi aldri sett meir til den…

 

veien til agra

7. Veien til Agra av Aimee Sommerfelt

Høgtlesing av Veien til Agra gjorde usletteleg inntrykk på meg som barn. Har aldri turt å lese den om igjen (både fordi eg hugsar historia som veldig trist, og fordi eg er redd for å øydelegge magien) men når eg som vaksen besøkte Agra så hadde eg denne forteljinga med i bevisstheten. Vår vei til Agra gjekk med buss frå Jaipur, og var heldigvis ikkje så strabasiøs som den barna i boka har.

resten av dagen8. Resten av dagen av Kazuo Ishiguro

Butleren Stevens har fulgt med «på kjøpet» når lord Darlington har solgt godset til ein amerikanar. Stevens får for første gang nokre dagars ferie, og legg ut på ein kjøretur gjennom sørvest-England for å besøke den gamle husholdersken som forlot godset 20 år tidlegare. Undervegs på kjøreturen reflekterer og filosoferer han over tilværelsen som butler i tida før og etter andre verdskrigen, og forholdet både til arbeidsgjevar og gjestene hans, og til dei andre i tenerstaben.

 

motorsykkeldagbok9. Motorsykkeldagbok – fra en reise i Latin-Amerika av Ernesto Che Guevara.

Den unge medisinstudenten Ernesto og biokjemikeren Alberto reiser rundt i Søramerika på motorsykkel, og har som mål å krysse kontinentet. 23-årige Che skriv dagbok undervegs. Dei to unge menna tek livet som det kjem, men når motorsykkelen streikar og pengane tek slutt endrar Che sin haldning seg. Møtet med dei utstøtte i samfunnet gjer inntrykk på Che, og legg grunnlaget for dei revolusjonære ideane han seinare utviklar.

ringenes herre10. Ringenes Herre av J.R.R. Tolkien

Kanskje ikkje først og fremst ei reisebok, men det er verkeleg ei eventyrleg reise hobbiten Frodo legg ut på gjennom Midgard for å bekjempe den onde Sauron. Ei av dei store bøkene for min del.

Andre bøker som burde vore på lista? Eg kunne vel hatt med Ya-ya-jentenes hemmelige nedtegnelser, Enders Game (han reiser jo trass alt ut i verdsrommet…), Hobbiten, The Beach eller ei av bøkene til Murakami… Andre forslag?

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Boklister, Reise og merkt , . Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Topp ti-liste: Bøker som handlar om reising

  1. Var ikke klar over at filmen Resten av dagen var basert på en bok. Har sett filmen flere ganger og har tenkt å kjøpe de. Interessant boktips for meg.

    • Frøken Vims seier:

      Fin bok i alle fall (må sjå filmen snart eg óg)! Liker enda bedre Gå aldri fra meg av samme forfattar. Er filmatisert den óg, men eg har heller ikkje sett den…

  2. Haruhi seier:

    Noterer meg Sethboka, – jeg makter ikke helt å starte på En passende ung mann, så kanskje jeg leser denne først.

    Morsomt hvordan flere av bøkene (Resten av dagene, lotr) på lista, ikke er bøker jeg forbinder med reising – men når jeg tenker meg om, er jo reisingen helt fundamental.

    • Frøken Vims seier:

      Sethboka er bra:) Men En passende ung mann er min Seth-favoritt…

      Enkelte av bøkene er kanskje ikkje bøker OM reising, så sånn sett kan overskrifta vere litt misvisande… Men som du seier er reisinga fundamental likevel. Er vel meir sånn at det handler om reiser på eit anna plan, i tillegg til den fysiske reisa…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s