Just Kids

I anledning biografisirkelen sitt tema populærmusikk publiserer eg på nytt eit innlegg eg skreiv om Patti Smith si sjølvbiografiske bok Just Kids:

Til bursdagen min i fjor sommar fekk eg eg ei bok i gåve frå bror min. Boka var Just Kids av Patti Smith – eit uventa val frå bror min som sjølv berre les krim, og i tillegg er det minst musikkinteresserte mennesket eg veit om… Men han hadde ei grei forklaring på valet: han gjekk til hylla med nye bøker og bestselgarar i bokhandelen og valgte ut den boka han sjølv syns såg minst interessant ut. Den rekna han med ville falle i smak hos meg…

Boka var sjølvsagt perfekt for meg, så metoden fungerte bra:) Mitt forhold til Patti Smith tok seg veldig opp då eg opplevde ho på konsert i Grieghallen i Bergen for eit par år sidan. Før det kjende eg til ho som ei legende i rockehistorien, men eg hadde ikkje høyrt noko særleg på musikken hennar. Den konserten var rett og slett fantastisk, og dama var så rocka og så RÅ – ho klarte til og med å få eit ganske så danna publikum (med sitteplasser i Grieghallen) til å danse hemningslaust og synge med av full hals. Dessverre fekk eg ikkje med meg konserten på Koengen i Bergen i sommar, den blei nedprioritert for fotballcup i Eidfjord samme helg (fotballmammamedaljens bakside…).

Etter å ha lese boka skjønner eg litt meir av legenden og rockeikonet Patti Smith, men er samtidig nysgjerrig på å få vite meir. Boka tek ikkje for seg heile karrieren hennar, men handlar om hennar forhold til kunstnaren og fotografen Robert Mapplethorpe, og tida før og etter at dei begge slo gjennom som kunstnarar. Dei traff kvarandre som unge, fattige kunstnerspirer i New York, og det er fascinerande å høyre om korleis dei jobba med å finne sin identitet som kunstnarar – kvar for seg men likevel knytt saman på mange vis. Ein lang periode i miljøet på berømte Chelsea Hotel blir avgjerande for dei begge, og her dukker det opp kjente kunstnarar og artistar i fleng: Janis Joplin, Andy Warhol, Jimi Hendrix, William Burroughs og Bob Dylan, for å nemne nokre av dei som var kjente for meg. I  siste delen av boka blei det litt vel mange namn å halde styr på for meg som ikkje er så bevandra i NY’s kunstverden.

Boka har gjort meg meir nysgjerrig på Patti Smith og hennar fascinerande karriere. Eg høyrde igjen debutalbumet Horses for eit par dagar sidan, og høyrer musikken med «nye øyre» no når eg veit meir om konteksten rundt eit par av sangane. Poesi og teikning var det Smith uttrykte seg gjennom før ho nesten motvillig gjekk inn i musikken, og dette er sider av ho som eg har planar om å utforske vidare etter dette!

Eg har vanlegvis ikkje så stor interesse for biografiar, men denne boka kan anbefalast! Og spesielt om du har ei viss interesse for musikk eller kunstscena i New York på 60- og 70-talet… Patti Smith skriv naturleg nok godt, som den ordkunstnaren ho er, og eg synest oversettinga fekk fram stemmen hennar.

For ein god og grundig omtale av boka så kan du til dømes lese Vinduet sin anmeldelse frå 2010.

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Biografi/reportasje, Musikk, film og TV, Nynorskbøker og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

7 Responses to Just Kids

  1. Ingalill seier:

    Dette med at så mange forslo, eller hadde lyst til å lese Patti i forbindelse med biografisirkelen var den første gangen jeg egentlig har tenkt over henne. Har hørt navnet, og innser nå etter å ha hørt gjennom utubevideoen over, noen sanger uten å vite at det var henne. I’m intrigued. LIker også at den bare tar for seg en periode i livet. Kan da gå litt mer i dybden og styre bort fra tegningen av de store dype linjer, som jeg tror mange steder har lett for å ta overhånd.
    Velkommen til sirkelen. Det var et fint innlegg!
    Håper du blir med i august også.

  2. Frøken Vims seier:

    Takk Ingalill:) Fin boksirkel du har starta:) Eg hadde heller ikkje så stort kjennskap til Patti Smith før eg opplevde ho på konsert. Då hadde ho forøvrig sønnen sin med seg i bandet… Veldig kul dame som har holdt det gåande LENGE i rockens verden, verdt å sjekke ut nærare både historia hennar og musikken:)

    Satsar på å bli med i august også, må velge meg ei bok snart:) Bruker litt lenger tid på å lese biografiar enn skjønnlitteratur…

  3. Takk for en fin omtale:) Har ikke hørt om Patti Smith før,men skal sjekke henne ut:)

    SV;Så bra å høre:) Passet jo bra med åpen slutt til historien,men for min egen del (som er nysjerrig av seg) ville vite mer:P hehe Så jeg håper at Ingelin Røssland skriver flere bøker for voksne.

  4. Anita Ness seier:

    Jeg har vært fan av Patti Smith i min ungdom..da var hun rockestjerna og Because the night belongs to lovers og sånn…men det er lenge siden.. Jeg var på konsert med henne i fjor sommer i Trondheim, herlig- hun er kjempekul fortsatt og jeg har boka hennes Just Kids, signert. Men har jeg lest den? Nope.. men det skal bli! Fint innlegg 🙂

  5. Vibeke seier:

    Jeg likte denne boka skikkelig godt, selv om jeg ikke egentlig hadde noe forhold til Patti fra før av. Den er rett og slett imponerende bra skrevet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s