Game of Thrones: Blod og gull

blod og gull

Eg har lese ferdig Blod og gull, del to av bok 3 i serien En sang om is og ild av George R. R. Martin. Eg skal ikkje skrive så  mykje om innhaldet, det er nemlig vanskeleg å gjere det utan å røpe noko for dei som ikkje har kome så langt i denne serien… Men boka innfridde forventningane; det var spenning, drama, intriger og heltemot – alle ingrediensane som kjenneteiknar Game of Thrones. Og eg elsker å leve meg inn i dette fantastiske universet, sjølv om det er blodig og brutalt til tider…

No skal eg sjå sesong 3 av TV-serien, som eg har spart til eg var ferdig med boka:) Eg liker nok bøkene betre enn TV-serien, men eg gleder meg likevel til å følge karakterane vidare på TV-skjermen. Det er også spennande å sjå kva grep dei gjer i TV-versjonen, og korleis den skil seg frå bøkene. Lurer du forresten på samanhengen mellom engelsk tittel, norsk tittel og TV-serien så kan du få oppklart dette her!

Så er spørsmålet eg må stille meg sjølv: Skal eg gå over til å lese vidare i serien på engelsk, eller vente til 2014 når A Feast for Crows sannsynligvis kjem på norsk…? George R. R. Martin ga ut første bok i denne serien allereie i 1996, og det er fortsatt usikkert når dei to siste bøkene i serien blir ferdige – så her må ein uansett smøre seg med tolmodighet om ein ønskjer å følge med til siste slutt!

is og ild

Bilete: Vendetta Forlag

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Fantasy, Musikk, film og TV og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Game of Thrones: Blod og gull

  1. Heidi seier:

    Hei.
    Bok 4, del 1 (Kråkenes gilde) kommer på norsk i slutten av oktober, så det er bare å glede seg! Vennlig hilsen
    Heidi Andresen
    Vendetta Forlag.

    • Frøken Vims seier:

      Det høres bra ut, venter i spenning! Meinte eg hadde lest at bok 4 skulle komme samla i 2014, men har ingenting imot at ventetida blir kortare;) Takk for oppdatering:)

  2. Lesehesten seier:

    Denne serien har jeg lyst å begynne på, må bare få tid 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s