4-åringen anbefaler barnebøker

4(ogeithalvt)-åringen min er glad i å lese bøker. Av og til i alle fall – når han ikkje leikar med bilar eller tog, bygger lego, speler spel, ser TV eller «herjar»… Bøker er i alle fall eit godt alternativ når han vil ta det litt med ro ei lita stund, eller om kvelden når han skal legge seg. I det siste har han riktignok vore veldig gira på at vi skal fortelje eventyr når han legg seg, «men, mamma, ikkje sånn med prinsesser og sånn. Kan du ikkje heller fortelle eventyr med Lynet og Bill?» Det beste av alt er eventyr om han sjølv og noko han har opplevd, og der Lynet Mcqueen og tauebilen Bill er involvert (dei som har ungar i den alderen veit så altfor godt kven desse figurane er…). Men av og til får mor lurt inn nokre litt meir klassiske eventyr. Foreløpig er det eventyr med dyr som fell best i smak, så dei tre bukkene bruse og Gullhår og dei tre bjørnane slår alltid godt an.

geit

Geiter er kule dyr. Denne nyter livet på Langedrag (privat foto).

Når det kjem til bøker så er 4-åringen min som dei fleste andre i den alderen veldig glad i å lese dei samme bøkene om igjen og om igjen. Heldigvis er han blitt litt meir interessert i å lese nye bøker også. Så når vi er på biblioteket no så slepp vi å bruke tid på å diskutere om det er vits i å låne dei bøkene han har heime frå før… Men trass alt, ingenting slår det å lese favorittbøkene om igjen!

Dette er nokre av bøkene som har vore hyppigast lese ilag med minstemann det siste året (altså i 3-4 årsalderen):

badeland

Bukkene Bruse på badeland av Bjørn F. Rørvik (forfattar) og Gry Moursund (illustratør). Dette er Bukkene Bruse med ein liten vri, og ei stund var denne så populær her i huset at viss nokon prøvde å fortelle eventyret slik det egentlig er, så blei dei raskt retta på. Det var på badeland bukkene skulle, ikkje til seters… Morsom tekst og fantastiske teikningar gjer denne underhaldande også for vaksne som les den for ørtande gang. Her kan du sjå utdrag frå boka, eller du kan lese birgittesbok sin flotte omtale!

ole jakop

Ole Jakop på bytur av Torbjørn Egner (forfattar og illustratør). Det er ikkje lenge sidan eg las ein kommentar om at denne boka ikkje fenga dagens born, men denne klassikaren har vore svært populær her i halvanna år… I fjor sommar var eit av høgdepunkta for minstemann ein trikketur i Oslo, vi fekk nemlig køyre med ein slik gammaldags trikk som Ole Jakob køyrde med i boka. Når han kom tilbake i barnehagen var trikketuren det første han fortalte om frå ferien sin…

geitekillingen

Geitekillingen som kunne telle til ti av Alf Prøysen (forfattar) og Vivian Zahl Olsen (illustratør). Denne har segla opp som favoritt no i det siste. Før har eg fortalt historia som eventyr, men no når vi har boka med bilete i er det blitt ekstra spennande å lese denne. Og ikkje minst så er det gøy å leike og dramatisere forteljinga!

LolaJeg er ikke trøtt og vil ikke sove av Lauren Child (forfattar og illustratør). Bøkene om Lola og storebroren Charlie er morsomme og sjarmerande, og med herlige illustrasjonar! I denne boka er det Charlie som skal legge lillesøstra, noko som ikkje er så lett. Lola er ikkje trøtt, og finn på mange morsomme og fantasifulle digresjonar før ho kjem seg i seng. Minner litt om Albert Åberg boka med samme tema, ei bok som også blir lese med jamne mellomrom. Charlie og Lola er forresten også blitt til animert tv-serie, her på engelsk (men med dei samme fine illustrasjonane):

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Barne- og ungdomsbøker, Boklister og merkt , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

5 Responses to 4-åringen anbefaler barnebøker

  1. Isabella seier:

    Så flott innlegg!:) Likte 4 åringens anbefalinger godt. Disse må du skrive flere av! Fint å få tips her både av de som arbeider meg barn og er foreldre:) Har arbeidet i barnehage og da var Bukkene Bruse på badeland en veldig populær bok, så skjønner den faller i smak. Særlig der de kler på seg feil er morsomt…..faktisk hysterisk morsomt for noen:) Geitekillingen som kunne telle til ti er jo bare en herlig klassiker, som jeg ikke tror går av moten noen gang. Og jeg må si meg enig om at bildene er så fine:) Kos dere begge videre med lesingen!

  2. Frøken Vims seier:

    Takk for hyggelig kommentar, Isabella! Er mange morsomme scener på badeland, og trollet er jo fantastisk teikna! «Hasta la vista, baby!» er også herlig;) Det kjem nok fleire anbefalingar frå 4-åringen, det var nemlig fleire bøker som nesten kom med på lista denne gongen men blei skvisa ut i siste liten… «Lille Larven aldrimett», for eksempel. Og så hadde vi heilt glømt «Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans», den er jo vanskelig å styre unna…

  3. Melusine seier:

    Så fint med anbefalinger fra fireåringen! Jeg jobber i barnehage og er alltid på utkikk etter gode bøker å finne frem for barna der. Bukkene Bruse på badeland har slått godt an 🙂

    • Frøken Vims seier:

      Virker som det er ein slager i barnehager rundtomkring;) Kjekt når dei i barnehagen er flinke til å ta seg tid til lesestunder, og til å velge ut varierte og gode bøker.

  4. astridterese seier:

    Nydelig innlegg!
    Jeg har et barnebarn på 5 så jeg vet godt hvem Lynet og Bill er 🙂
    Vi prøver også å få lest litt billedbøker når han er på besøk. Og det han liker best er morsomme billedbøker så Bukkene bruse på badeland er en hit!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s