Boka på vent: Fornuft og følelse av Jane Austen

NY_BOKEN_P_VENT_logo_med_ramSom vanleg på tysdagar skriv Beathesbokhylle om ei bok ho har planar om å lese, og på bloggen hennar kan du også lese kva bøker andre bokbloggarar har på vent.

Etter å ha lese mi første Jane Austen-bok i forrige månad, Stolthet og fordom, så var planen klar for denne sommaren: Lese meir Austen! Eg starta med å låne Fornuft og følelser på biblioteket og kjøpe Emma i pocketversjon. Egentlig var planen å lese Fornuft og følelser først, men sidan vi skulle på ferie så var Emma i pocket meir passande å ha med ved bassengkanten enn ei biblioteksbok… Dermed blei Emma lest i ferien, og eg blei ganske så forelska! Boka satt i lenge, og eg har gleda meg til å fortsette bekjentskapet med dette forfattarskapet. No er eg heime igjen, og Fornuft og følelse står for tur. Eg såg ein stad at Emma blei nevnt som høgdepunktet i Austen sitt forfattarskap, så eg prøver å senke forventningane litt slik at ikkje denne boka skal bli ein nedtur… Fornuft og følelse var tross alt den første boka Jane Austen fekk utgitt, medan Emma var den siste ho ga ut før ho døde (Northanger Abbey og Persuasion blei gitt ut etter at ho døde).

fornuftFornuft og følelse handler om Familien Dashwood som lever eit bekymringslaust liv på ein herregård i Sussex. Då faren dør vert alt endra, og mora og dei tre døtrene må flytte og venne seg til eit liv i langt enklare kår. Dei to eldste søstrene, Marianne og Elinor, opplever begge forelskelse og kjærleikssorg og taklar det på kvar sin måte, ulike som dei er. Eg har sett ein TV-versjon av denne ein gong (usikker på om det var serien eller filmen…), men hugsar berre deler av handlinga. Har likevel ein mistanke om at dette kjem til å ende godt til slutt, i beste Jane Austen-ånd:)

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Boka på vent, Klassikarar og merkt , , . Bokmerk permalenkja.

14 Responses to Boka på vent: Fornuft og følelse av Jane Austen

  1. Har ikke lest noe av Austen ennå,men har to av disse bøkene du nevner ulest i bokhyllen. Emma så jeg et eller annet sted på salg nå, så kanskje jeg skulle slått til på det. Tusen takk for påmennelsen

  2. Anita Ness seier:

    Spennende… Har et et par tre bøker av Austen liggende, og lest halve Northanger abbey, og sett filmen Jane Eyra. Denne har jeg også liggende på dvd.

    • Frøken Vims seier:

      Har ikkje prøvd meg på Northanger Abbey enda, men såg ei gratis nedlasting så eg vurderer å prøve meg på den etterkvart. Har lest dei andre Austen-bøkene på norsk, men bør vel lese litt på orginalspråket også…? Jane Eyre er forøvrig skrive av Charlotte Brontë, har blanda sammen litt desse bøkene eg også;) Såg filmen nettopp, etter å ha lese boka. Kjekt med alle filmatiseringane/TV-seriene av desse bøkene:)

  3. Lesehesten seier:

    Jeg jar akkurat funnet Pride and Prejudice som gratis ebok på Goodreads, og tenkte derfor begynne å lese min første Austenbok idag 🙂

    • Frøken Vims seier:

      Å, herlig! Tenker eg bør prøve å lese Austen på engelsk også etterkvart. Takk for tipset, skal sjekke Goodreads:) Har ikkje komt så godt i gang med Fornuft og følelse enda, men foreløpig trur eg at eg har Emma og Stolthet og fordom eit hakk lenger oppe på lista. Men skal lese ferdig først då;)

  4. hverdagmedoss seier:

    Ah! Viduderlege Austen! Sjølv likte eg Fornuft og følelse betre enn Emma, sjølv om begge er herlege bøker! Kos deg 🙂

  5. Isabella seier:

    Fornuft og følelse og stolthet og fordom har jeg lest av Austen, begge likte jeg kjempegodt. Emma har jeg enda ikke lest. Jeg er veldig glad i Austen. Elsker de bøkene jeg har lest av henne hittil og jeg er faktisk glad jeg ikke har lest alle, for de gleder jeg meg veldig til å kose meg med:) Kos deg masse med den søte historien:) Filmene er jo også veldig bra:)

    • Frøken Vims seier:

      Å, då kan du glede deg til Emma! Er glad eg har nokre Austen-bøker til gode eg også:) Har planer om å sjå om igjen nokre av TV-seriene eller filmane snart, mykje å glede seg til der også…

  6. Melusine seier:

    Jane Austen ja, fantastisk litteratur! Jeg har til gode å lese Fornuft og følelser, men har den liggende i en tykk Austen-samle-bok 🙂

  7. Åslaug seier:

    Har bare sett filmene – ulike årganger! Må vel lese dem kanskje?

  8. Frøken Vims seier:

    Fint å ha bøker til gode også, enig med Isabella der:) Syns Austen er kjempefin sommerlesning!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s