Ferielesning: Frå Emma til Harry Hole

Eg er i grunnen ikkje så begeistra for krimbøker, og les sjeldan slikt. Etter alt maset om Politi (trur eg mottok nærare 20 epostar frå diverse bokkjeder som gjerne ville forhåndsselge meg akkurat den boka…), så har eg sagt ganske bastant at eg ikkje skal lese ei einaste Harry Hole-bok. Men der gjekk eg på ein smell, gitt… Og årsaken til det er på mange måter Jane Austen (eller mitt val av medbrakt ferielektyre….).

utsikt kypros

Kan ikkje klage på leseutsikten frå balkongen!

Med meg for ei vekes ferie på Kypros var nemlig Emma av Jane Austen og Brisingr (tredje bok i Arven-serien om Eragon). Sidan begge bøkene var ganske omfangsrike så tok eg ikkje med fleire enn desse to – og det er der Harry Hole kjem inn etterkvart… (Ok, så var det kanskje ikkje superrutinert pakking, men sånn går det når eg pakkar til ungane først og meg sjølv i siste liten…).

emmaEg starta med Emma, som var ein rein nytelse å lese! Eg elskar språket til Jane Austen, humoren, ironien, elegansen og ikkje minst personskildringane (spesielt dei usympatiske personane!). Og eg liker at alt ordnar seg til slutt. Dette er tredje Austen-boka eg les i sommar, så det kjem eit eige innlegg om desse bøkene etterkvart:) Når eg hadde lese ferdig Emma var eg så langt inn i Austens verden at eg ikkje klarte å omstille meg til å begynne på fantasyboka eg hadde med. Eg var rett og slett ikkje ferdig med Emma, den hang igjen i tankane mine, og eg følte meg ikkje klar til å leve meg inn i Eragons fantastiske verden enda. Eg trengte rett og slett ei mellombok som ikkje krevde så altfor mykje av meg, og der det ikkje var så farlig om lesinga blei «forstyrra» av drømmerier om Emma (det høyrest jo ut som ein forelskelse dette, og det føltes faktisk litt sånn også… Blei reint varm om hjartet av å tenke på boka i fleire dagar etterpå).

Dermed måtte eg ty til hotellets bokhylle, der ein kunne sette igjen og ta med seg bøker. Utvalet var ikkje all verden, og for det meste på svensk, men det var eitpar brukbare alternativ. husetEg hoppa glatt over Jo Nesbø-boka som stod der og endte opp med Huset du elsket av Tatiana de Rosnay (mest fordi det var ei ganske tynn bok…). Dette var ein forfattar eg ikkje hadde fått med meg før, men såg av omtalen at ho har skrive Saras nøkkel, som eg har hørt om. Huset du elsker handlar om ei eldre dame, Rose, som bur i Paris på 1860-talet. Huset, og kvartalet ho bur i, er planlagt rive som eit ledd i moderniseringa av byen som gjekk føre seg på den tida. Rose har lova sin avdøde mann å ta vare på huset som har vore i hans familie i generasjonar, og boka handlar om kjærleik, tilhørighet og det å kjempe for det ein har kjært. Det er ei sjarmerande lita bok med fine miljøskildringar som gir eit interessant innblikk i livet i Paris i denne epoken (ei byfornying som varte i fleire tiår). Boka er lett å lese og lett å like, men eg klarte ikkje å leve meg heilt inn i ho i starten. Det kom seg imidlertid utover i boka, etterkvart som eg fekk forrige bok litt på avstand.

flaggermusSidan eg framleis ikkje var klar for fantasy blei det ein ny runde i hotellbiblioteket. Denne gong tok eg ut Flaggermusmannen av Jo Nesbø, og då eg såg at dette er første boka i serien om Harry Hole så bestemte eg meg for å gi fyren ein sjanse. Jo Nesbø kan utvilsomt skrive, og eg var på enkelte område positivt overraska. Eg likte den litt røffe stilen, den tørrvittige humoren og referansane til musikk, film og popkultur som dukka opp. Likte også skildringane av personar og miljø, og innblikket i urbefolkninga i Australia (der Harry Hole er for å bistå i etterforskinga av drapet på ei norsk kvinne) si historie og myter. Den ensomme, alkoholiserte antihelten kan lett bli ein klisje, men eg syns Harry Hole er ein ganske truverdig karakter. Sjølve plottet syns eg ikkje alltid var like truverdig, men grei underhaldning var det no. Har høyrt at kvaliteten er stigande i serien, så sjølv om eg ikkje kjem til å kaste meg over resten av bøkene så kjem eg nok til å lese meg vidare når det passer sånn.

Brisingr (med den fine undertittel: Brisingr, eller Eragon Skuggedreper og Safira Bjartskulars sju løfter) er fremdeles ikkje lese, men blir med på neste ferietur:) Det blir besøk hos familie denne gongen, forhåpentlegvis med tid til å leve seg inn i Eragon sin verden med dragar, alver, dverger og kampen mellom det gode og det onde.

strand kveld

I nærleiken av Fig Tree Bay, Kypros. (Eige foto)

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Klassikarar, Krim, Norsk litteratur, Roman og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Ferielesning: Frå Emma til Harry Hole

  1. Det høres ut som om du har hatt fine leseopplevelser på ferien! Jeg synes det er flott at du konfronterte dine egne fordommer og ga deg i kast med Nesbø. Selv er jeg veldig glad i Harry Hole, men jeg liker de tidlige bøkene i serien best. Med Snømannen og Politi ble det litt «too much»… Men at Nesbø kan skrive er sikkert og visst! Utsikten fra feriebalkongen så mistenkelig kjent ut:) Jeg har nylig kommet hjem fra 2 uker i Fig Tree Bay, og det ser ut til at vi har bodd på det samme hotellet 🙂

    • Frøken Vims seier:

      Morsomt samantreff:) Althea Beach? Vi koste oss veldig i fine omgivelser:) Litt tilfeldig at eg konfronterte fordommene denne gongen, men eg pleier å vere ganske allsidig når det gjeld litteratur. Eg liker jo barnebøkene til Nesbø godt, så sånn sett er det vel på tide at eg prøvde meg på Harry Hole:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s