Smakebit på søndag: Fotballkrigen – en reportasjereise i Afrika og Latin-Amerika.

fotballkrigen

Det er søndag, og på Mari sin blogg kan ein som vanleg finne smakebiter på kva ulike bloggarar les for tida. Denne søndagen kjem smakebiten min ikkje frå ei skjønnlitterær bok. Det er ikkje så ofte eg les nonfiction, men når Aschehoug selte ut bøker med opptil 80 rabatt nyleg så kjøpte eg eit par bøker som eg sannsynlegvis ikkje hadde leita fram i butikken ellers. Ein av dei var Fotballkrigen av Ryszard Kapuscinski. Forfattaren er journalist frå Polen, og har dekka heile 27 revolusjonar og kupp i Afrika, Latin-Amerika og Midtausten i perioden 1958-1980. Fotballkrigen består av dagboksnotat og dokumentarstoff om mange av desse krigane. Foreløpig har eg kun lese omlag 50 sider av boka, men eg syns den er interessant og velskriven så langt.

Tittelen «Fotballkrigen» henspeiler til den 100 dagar lange krigen mellom El Salvador og Honduras i 1969, og Kapuscinski var einaste korrespndenten i Honduras då krigen braut ut. Krigen hadde bakgrunn i lang tids politisk spenning mellom dei to landa, men det var ein VM-kvalifiseringskamp i fotball mellom dei to nasjonane i 1969 (og opptøyene etterpå) som utløyste krigen.

Boka handlar imidlertid om fleire krigar og konfliktar i ulike delar av verda, og forfattaren startar boka i Ghana i 1958. Han skildrar kvardagen og nettene i tropene for ein europear:

I tropene er det å drikke en tvang. Hvis to mennesker møtes i Europa, sier de først: «God dag! Hva er nytt?». I tropene hilser de samme to menneskene hverandre med andre ord: «Hva skal det være å drikke?» (…) Varmen er trykkende. Den fuktige, formelig klebrige luften fyller rommet. Forresten, det er ikke luft, det er fuktig vatt. Å puste er som å svelge vattdotter som er mettet med varmt vann. Det er ikke til å holde ut. Det gjør deg kvalm og nedbrutt, setter nervene på ende. Moskitomyggene biter, apekattene larmer. (s. 9)

Boka består av dagboklignande skildringar som dette, og om møter med mennesker og miljøer forfattaren blir kjent med på reisene sine. I tillegg har han med kortare og meir dokumentariske deler (desse sidene er skrive i kursiv), der han fortel om kvifor han er på staden, og litt meir om den politiske bakgrunnen for ting som skjer der.

På denne tiden interesserte verden seg virkelig for Afrika. Afrika var en gåte, det var den hemmelighetsfulle verdensdel – ingen visste hva som ville skje når tre hundre millioner mennesker rettet ryggen og krevde sin rett til å tale fritt. Det oppstod selvstendige afrikanske stater, disse statene anskaffet seg våpen, og i forskjellige aviser i utlandet stilte man seg spørsmålet om Afrika var ute etter å underlegge seg Europa. I dag fortoner et slikt spørsmål seg temmelig useriøst, men den gang ble det stilt på alvor, og folk uroet seg over det. Og derfor ønsket folk å vite hva som skjedde på dette kontinentet, de ønsket å vite i hvilken retning det gikk, og hvilke planer det hadde. (s. 18)

Fotballkrigen kom ut første gongpå norsk i 1992, og er oversatt av Jan Brodal. Pocketutgåva eg kjøpte er ein del av Aschehoug sin Spor pocket-serie. Eg klarte dessverre ikkje å finne noko om denne serien på Aschehoug sine nettsider, men eg ser at det finst fleire spennande titler i serien med reportasjereiser.

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Biografi/reportasje, Reise, Smakebit på søndag og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Smakebit på søndag: Fotballkrigen – en reportasjereise i Afrika og Latin-Amerika.

  1. Tack för smakbiten- det var en okänd bok för mig.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s