Historieforteljaren Salman Rushdie

For tida les eg biografi for harde livet for å rekke å bli med på biografisirkelen til Moshonista den 15. august. For sikkerhets skyld har eg valgt ei bok på over 600 sider, så heilt ferdig blir eg nok ikkje…

JosephAntonEg har lyst å dele eit lite utdrag frå boka eg les, Joseph Anton: Memoarer av Salman Rusdhie. Då eg bestilte boka trudde eg forresten det var ein kar ved navn Joseph Anton som hadde skrive biografien til Salman Rushdie, men eg oppdaga etterkvart at Joseph Anton var dekknamnet Rushdie brukte den tida han levde i skjul… Namnet er sett saman av fornamna på to av favorittforfattarane til Rushdie; Joseph Conrad og Anton Tsjekhov. Altså har Rushdie skrive boka sjølv (noko tittelen memoarar også indikerer…).

Rushdie fortel i starten av boka korleis han har vokse opp i Bombay med faren sine frodige historiar og eventyr, og i tillegg med hemmeligheter og sladrehistoriar frå mora som han omtalar som ei «sladrekjerring i verdensklasse». Har ein lese noko av Salman Rushdie er det ikkje vanskeleg å finne igjen spor etter denne oppveksten i bøkene hans. Han skriv (om seg sjølv i 3. person):

Da han var liten, hadde faren ved sengetid fortalt ham Østens store og forunderlige eventyr, fortalt dem og gjenfortalt dem og gjenskapt dem og gjenoppfunnet dem på sin egen måte. (…) En oppvekst nedsenket i disse fortellingene medførte at man lærte to uforglemmelige lekser: først, at historier ikke var sanne (det fantes ingen «virkelige» ånder i flasker eller flygende tepper eller tryllelamper), men ved å være usanne kunne de få ham til å føle og kjenne sannheter som sannheten ikke kunne fortelle ham, og for det andre, at alle tilhørte ham, akkurat som de tilhørte hans far, Anis, og alle andre, alle var hans, som de var hans fars, lyse historier og mørke historier, hellige historier og verdslige, og han kunne selv forandre og fornye og forkaste dem og ta dem opp igjen slik og når han måtte ønske og fryde seg over dem og leve i dem og med dem og gi historiene liv ved å elske dem og bli gitt liv til gjengjeld. Menneskene var historiefortellende dyr, de eneste skapningene på jorden som fortalte hverandre historier for å forstå hva slags skapninger de var. (s. 29)

Eg les dette avsnittet som ei forklaring på korleis forfattaren Salman Rushdie blei til, men også som eit forsvar for Sataniske Vers og ein forfattar sin kunstneriske rett til å bruke element frå andre historiar (dei vere seg religiøse eller verdslege) og forme ny litteratur. Det han har skrive har han skrive i kjærleik til historiane og for å forstå kven han er, eller kva vi alle er som menneske.

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Biografi/reportasje, Diverse og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s