Joseph Anton: Memoarer (eller; 643 sider med Salman Rushdie)

salman-rushdie-memoirsDet er klart for runde 2 i Ingalill sin biografisirkel (ok, det er vel forsåvidt to veker sidan den runden – men bedre seint enn aldri…). Tema denne gongen er skribenter, og eg har kjempa meg gjennom (og for det meste kost meg med) Salman Rushdie sin 643 sider lange sjølvbiografi med tittelen Joseph Anton: Memoarer. Når eg bestilte boka trudde eg Joseph Anton var forfattaren av denne biografien, men eg fekk oppklart dette før eg starta på boka… Joseph Anton er nemlig dekknamnet som Rushdie brukte dei åra han levde i skjul pga av fatwaen, og er satt saman av fornamna til to av favorittforfattarane hans; Joseph Conrad og Anton Tsjekov.

Tittelen gir dermed også ein peikepinn på kva som er fokus for boka, det er Joseph Anton sine memoarar vi får lese – den personen Rushdie levde som under den ti år lange perioden han levde i skjul. Kanskje det er difor at han skriv om seg sjølv i tredje person? (Eller kanskje det berre er eit verkemiddel for å skape distanse). Det er naturleg nok romanen Sataniske vers memoarane er sentrert rundt; bakgrunnen for romanen, kontroversen rundt den og tida etter fatwaen. Dette er på sett og vis naturleg, og skapar ein god dramaturgi i boka. Det som kjem før dette bygger opp til kontroversane rundt Sataniske vers.

Det er spennande å lese om denne tida; korleis Salman Rushdie må flytte rundt frå stad til stad ilag med politifolka (Special Branch) og sjåførene sine og korleis han ved hjelp av gode venner stadig må finne nye husvære som politiet kan godkjenne som sikker bustad for ei stund. Problemet er berre at denne delen av boka etter mitt syn er altfor lang! Vi får høyre mange detaljar om kven som sa kva til media, kva venner som stilte opp og kven som «svikta» og også detaljar frå samliv og brudd med opptil fleire kvinner. Eg kan forsåvidt skjøna at etter ein lang periode med taushet om mykje av dette medan andre i stor grad har uttalt seg til media om han som både forfattar og person så kan det vere eit behov for å fortelje sin versjon av det heile. Det er sjølvsagt interessante episoder og betraktninger som blir omtalt (ispedd ein dose god sladder…) men det blir litt kjedsommelig i lengden.

Då syns eg det er meir spennande å lese det Rushdie skriv om kva som har forma han som forfattar. I starten av boka fortel han om korleis han har vokse opp i Bombay med faren sine frodige historiar og eventyr, og med hemmeligheter og sladrehistoriar frå mora som han omtalar som ei “sladrekjerring i verdensklasse”. Har ein lese noko av Salman Rushdie er det ikkje vanskeleg å finne igjen spor etter denne oppveksten i bøkene hans. Han skriv (om seg sjølv i 3. person):

Da han var liten, hadde faren ved sengetid fortalt ham Østens store og forunderlige eventyr, fortalt dem og gjenfortalt dem og gjenskapt dem og gjenoppfunnet dem på sin egen måte. (…) En oppvekst nedsenket i disse fortellingene medførte at man lærte to uforglemmelige lekser: først, at historier ikke var sanne (det fantes ingen “virkelige” ånder i flasker eller flygende tepper eller tryllelamper), men ved å være usanne kunne de få ham til å føle og kjenne sannheter som sannheten ikke kunne fortelle ham, og for det andre, at alle tilhørte ham, akkurat som de tilhørte hans far, Anis, og alle andre, alle var hans, som de var hans fars, lyse historier og mørke historier, hellige historier og verdslige, og han kunne selv forandre og fornye og forkaste dem og ta dem opp igjen slik og når han måtte ønske og fryde seg over dem og leve i dem og med dem og gi historiene liv ved å elske dem og bli gitt liv til gjengjeld. Menneskene var historiefortellende dyr, de eneste skapningene på jorden som fortalte hverandre historier for å forstå hva slags skapninger de var. (s. 29)

Rushdie ser på seg sjølv som ein historieforteljar, med rett til å bruke tradisjonelle forteljingar og forme og endre på dei slik historieforteljarar alltid har gjort. Avsnittet kan lesast som ei forklaring på korleis forfattaren Salman Rushdie blei til, men også som eit forsvar for Sataniske Vers og ein forfattar sin kunstneriske rett til å bruke element frå andre historiar (dei vere seg religiøse eller verdslege) og forme ny litteratur. Det Salman Rushdie har skrive meiner han er gjort i kjærleik til historiane og for å forstå kven han er, eller kva vi alle er som menneske.

Noko av det mest spennande med denne boka er når forfattaren skildrar korleis han arbeidde med bøkene sine, kva ideen var i starten, kva problem han møtte på undervegs og kva grep han tok for å løyse problema. Eg har tidlegare blogga om korleis det til slutt  løsna for Rushdie i arbeidet med Midnattsbarn, som han hadde arbeidd med i mange år. Han brukte element frå sin eigen oppvekst i Bombay, men skjønte etterkvart at også Indias historie måtte vere ein del av romanen. Rushdie studerte historie i England, og gjennom arbeidet med romanane Midnattsbarn og Skam fann han fann ut korleis han kunne kombinere faget sitt, sin personlege historie og sin søken etter identitet som»eksilindar» gjennom forfattargjerninga. Det er også interessant korleis han skriv om sin interesse for islam sin historie, og korleis faren sin interesse for dette påvirka han. Denne delen av biografien og forhistoria til Sataniske vers er verdt eit blogginnlegg i seg sjølv (får sjå med tida om det blir skrive…).

Det er lenge sidan eg har lese nokre av Rushdie sine bøker. Eg las Midnattsbarn, Skam og Sataniske Vers på slutten av 1990-talet, og The ground beneath her feet (den einaste eg har lese på engelsk, og ein av dei eg likar best – lurer på om det er ein samanheng…?) og Vrede (likte ikkje den så godt) på starten av 2000-talet. Lesinga av denne biografien ga meg lyst til å lese bøkene til Rushdie om igjen, spesielt Midnattsbarn og Sataniske vers, og det ga meg inspirasjon til å lese nokre av dei eg ikkje har lese; som Shalimar the clown.

Andre som har blogga om memoarene:

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Biografi/reportasje, Roman og merkt , , , . Bokmerk permalenkja.

4 Responses to Joseph Anton: Memoarer (eller; 643 sider med Salman Rushdie)

  1. Ingalill seier:

    Nok et godt blogginnlegg til morgenkaffen.
    Jeg gratulerer meg selv med at Midnattsbarn allerede er hentet på biblioteket og at hele 3 uleste Rushdies står i hylla. Jeg er klar.
    Det fascinerer meg dette med at man tror man skal lese en biografi ført i penn av et annet menneske også finner man ut at det er en selvbiografi. Det som er virkelig spennende er hvordan boka ville blitt lest anderledes hvis han ikke hadde forklart dette Antonopplegget, hvor det er jo som jeg nevnte i Corainnlegget og Haruhi skrev i sitt Rushdieinnlegg, vanskelig å fri seg fra trivialitetene i egne liv – selv når man skal gjøre det om til skrift. De store linjene trenger fiksjon – eller en utenforstående.

    Håper du er med til neste runde også!

    • Frøken Vims seier:

      Vanskelig å fri seg frå trivialitetene i eget liv, ja. Tenkte undervegs eit par gonger at her hadde det kanskje vore ein fordel om det ikkje var forfattaren sjølv som framstilte sine egne handlingar, men ein som kunne sjå det i eit større perspektiv. Kan vere vanskelig å sjå dei store linjene når ein er plassert midt i situasjonen. Og så har ein jo ofte ein tendens til å bevisst eller ubevisst forsvare valg ein har tatt, og å framstille seg sjølv i eit best mogleg lys… På den andre sida så er det nettopp det at det er forfattaren sjølv som skriv som gjer det ekstra interessant å lese om skriveprosessen og korleis han blei den forfattaren han blei (sjølv om det kunne vere interessant med ein «utanforståendes» perspektiv på det også…).

      Det er mulig eg står over neste gong grunna prosjekt Flytting, men gongen etter skal eg heilt sikkert vere med:) (har glømt kva som er tema då, men reknar med det heilt sikkert er noko interessant…)

  2. Haruhi seier:

    Strålende omtale!

    Det virker som vi sitter igjen med mye av det samme etter å ha lest (hele eller deler av, hehe) boka. At historien om hvordan forfatteren Rushdie oppstod er vel så interessant å lese om, som årene i dekning. Liker veldig godt avsnittet du har tatt med – en forfatters tilblivelse i et nøtteskall.

  3. Frøken Vims seier:

    Tusen takk for fine ord, Haruhi! Eg kjenner meg godt igjen i det du skriv om boka, så vi er nok ganske enige, ja:) Syns det er spennande det synet han har på historiefortelling, og korleis han knytter det opp mot kampen for ytringsfrihet. At historiene tilhører oss alle, og vi kan alle forandre, fornye og forkaste dei:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s