Sommaren 2013 – litterære høgdepunkt

Vi er kome eit godt stykke ut i september allereie, og andre bloggarar er godt i gang med bokhausten. Her i gården er det lite tid til lesing og blogging for tida, og eg er i ferd med å innsjå at eg ikkje kjem til å skrive alle dei blogginnlegga eg hadde tenkt å skrive om sommarens leste bøker. August var ein travel månad, og september enda travlare med forberedelse til hussalg i slutten av månaden. Så dermed nøyer eg meg med ei oppsummering av sommarens litterære høgdepunkt:

  1. emmaMin sommarforelskelse: Jane Austen. Eg har lese tre Austenbøker denne sommaren: Stolthet og fordom, Fornuft og følelser og Emma. Stolthet og fordom var mitt aller første møte med Jane Austens bøker (eg har sjølvsagt sett både tv-serien og filmen, så historia var ikkje akkurat ukjent…), og eg kan ikkje skjønne kvifor eg har venta så lenge med å lese denne forfattaren! Språket, persongalleriet, humoren – alt traff midt i blinken for meg. Emma er mi favorittAustenbok så langt, med sine mange herlige bikarakterar, og med sin elskelege hovudperson Emma. Når eg hadde lese den ferdig gjekk det mange dager før eg klarte å konsentrere meg om ei anna bok igjen…
  2. reachedMin sommarlege guilty pleasure: dystopiske YA-bøker. Dei rundt meg trur at eg les ungdomsbøker fordi eg er lærar i 7. klasse og må holde meg oppdatert på litteraturen dei unge er opptatt av (det kan hende at eg har antyda at dette er grunnen til at eg sit med nasen i Hunger games– eller Uglies-trilogien f.eks.). Sanninga er imidlertid at eg elsker desse dystopiske bøkene (trilogiar, som regel…), og lever meg fullstendige inn i framtidssamfunna som blir skildra. Eg liker at desse bøkene er samfunnskritiske og har eit budskap til dei unge lesarane, at det er sterke kvinnelege hovudpersonar og kanskje ein liten dose romantikk (gjerne eit trekantdrama). I sommar har eg lese tredje og siste bind i Cassia-serien til Ally Condie; Opprøret, og sjølv om eg ikkje var heilt fornøyd med plottet i sisteboka så lar eg meg begeistre av serien. Sommaren har også blitt brukt til å lese Divergent og Insurgant (på engelsk, til ei forandring), venter i spenning på tredje og siste bok som kjem no i haust!
  3. hvit tigerMin indiske sommarlesning: I tillegg til Salman Rushdie sjølvbiografien (som eg har blogga om i Moshonista sin biografisirkel), så har eg lese ein indisk roman i sommar: Hvit tiger av Aravind Adiga. Det var eit veldig positivt bekjentskap, eg likte godt fortellarstemma sitt skarpe og humoristiske blikk på det indiske samfunnet.
  4. Sommarens leste Nobelprisvinnar: J.M. Coetzee. Eg har hatt Vanære som lydbok på Iphonen i fleire år no, og endeleg benytta eg sjansen til å høyre denne. vanæreEg har nok tenkt at dette sikkert var ei tung og litt kjedelig bok (veit ikkje heilt kor eg har det frå…), så Vanære var ein positiv overraskelse. Sjølv om eg ikkje var heilt fornøyd med slutten. Eg venta liksom på fortsettinga! Når du les ei fysisk bok ser du at du kjem til siste side og er mentalt forberedt på det, på ei lydbok så er det berre plutseleg slutt. Denne gongen venta eg på fortsettinga, før eg skjønte at det ikkje kom meir… Men boka var bra, og eg er nøgd med å ha lese ein Bookerprisvinnar og ein Nobelprisvinnar i samme slengen:)
  5. til fyretSommarens sliteseier: I løpet av sommaren har eg klart å fullføre Til fyret av Virginia Wolf. Denne boka ga eg først opp etter omlag 50 sider. Eg ville så gjerne like den, men hadde store problem med å halde tråden i det eg las og datt ut heile tida. Etter ein måneds pause tok eg den fram igjen, og jammen løsna det litt denne gongen! Boka kjem nok ikkje på favorittlista mi, men eg la frå meg boka med ei positiv kjensle og var glad eg fullførte den likevel.

Alt i alt ein god lesesommar, sjølv om det har vore så som så med blogginga. Det blir dessverre ikkje så mykje tid til lesing dei neste månadane, men eg gleder meg allereie til neste sommar med late lesedagar i sola:)

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Boklister, Diverse og merkt , , , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

3 Responses to Sommaren 2013 – litterære høgdepunkt

  1. Lesehesten seier:

    Ser ut som du har hatt en fin lesesommer 🙂 Holder selv på med Pride and Prejudice som min første Austen-bok, og liker den kjempegodt. Språket og alt sammen liksom 🙂

  2. Frøken Vims seier:

    Ja, har kost meg med mange gode leseopplevingar i sommar:) Jane Austen er herlig – deler din begeistring for Pride and Prejudice (sjølv om eg har lest den på norsk…). Har to Austen-bøker til gode enda; Northanger Abbey og Persuations, og dei skal eg spare til neste sommar:) Trur eg…

  3. rufsetufsa seier:

    Det er ikke bare du som leser disse ungdomsbøkene det gjør jeg også selv om en del av de er litt forutsigbare og ikke helt i min smak. I høst skal jeg lese Opprøret, den siste boka i Matched- trilogien. Det er ikke de beste ungdomsbøkene jeg har lest, men heller ikke de verste. Så har lest en del slike lignende bøker i det siste. Det er ikke min favorittt, men av og til må man ha litt lettbeint underholdning i lesingen også. God helg!:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s