TV-serie: Pride and Prejudice

Når eg har såpass travle tider som no, så merker eg at når eg endeleg finn roen på sofaen om kvelden så er det mindre krevande å sjå litt tv enn å lese ei bok. Så sjølv om eg egentlig ikkje har tid til sånt, så har eg altså sett BBC sin 5 timer lange TV-serie (ikkje på ein gang altså…) basert på Jane Austin si bok Stolthet og fordom. Eg har sett den før, for lenge sidan, men det var ekstra morsomt å sjå den igjen no etter at eg har lese boka. No veit eg jo for eksempel at denne legendariske svømmescena med Mr. Darcy ikkje eksisterer i boka:

Men bortsett frå denne scena og eit par til (starten og ein episode der Mr. Collins støter på ei lettkledd Lydia i gangen utanfor soveromma), så er serien veldig tru mot Jane Austen sin historie. Lengden på serien gjer at ein får med mesteparten av innhaldet, så ein slepp å ergre seg over at karakterer eller episoder er kutta ut. Så sjølv om boka er best, så er absolutt denne serien frå 1995, med Colin Firth og Jennifer Ehle i hovudrollene, eit ganske så godt alternativ!

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Klassikarar, Musikk, film og TV og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

4 Responses to TV-serie: Pride and Prejudice

  1. Nå fikk jeg lyst til å se denne serien om igjen 🙂

  2. Frøken Vims seier:

    Ja, den er absolutt verdt eit gjensyn! Tenkte eg skulle sjå filmen med Keira Knightley igjen snart også, når eg først er i gang:)

  3. bjorgmi seier:

    Åh, denne må eg sjå om igjen snart. Endå ein gong.

    Du har vunne ei bok! Send meg adressa di på linjene(at)myhre-ims.no, så skal du få ho!

  4. Frøken Vims seier:

    Å, så gøy!!! Hadde ikkje fått med meg at ein kunne vinne noko:) Gleder meg veldig til å lese toppboka på lista som var nominert av så mange bra folk:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s