Endeleg har eg også lese «Faen ta skjebnen» av John Green!

Faen ta skjebnen (eller The Fault in Our Stars som er originaltittelen) av John Green er ei bok som eg har høyrt om lenge. Mange bokbloggarar har skrive begeistra om boka, og eg har vel egentlig vore litt lei «hypen»… Men eg liker jo å lese ungdomsbøker, spesielt dei som er i grenseområde mellom ungdom- og vaksenlitteratur, så når sjansen baud seg til å få lese Green si kritikarroste bok så greip eg sjølvsagt den. Og det er eg veldig glad for!

faen ta skjebnen

Eg er lærar i ein veldig leseglad 7. klasse, der nivået på lesarane og lesestoffet varierar veldig. Mens nokre elevar likar lettleste bøker som En pingles dagbok eller Mysteriebøkene til Bjørn Sortland, leser andre Eragon, Hunger Games og Ringenes Herre. Vi les med andre ord både barne-, ungdoms- og YA-bøker i klasserommet. Eg var på biblioteket og lånte inn bøker til klassebiblioteket vårt, og innimellom Percy Jackson, Pitbull-Terje, hestebøker og dustedagbøker eg plukka med meg, så fann eg altså Faen ta skjebnen fint utstilt. Eg var usikker på om 7. klasse var for unge til å vere i målgruppa for boka, men tenkte på eit par av dei «modne» lesarane og tok den med for å sjekke det ut. Uansett så hadde eg lyst til å lese den sjølv:) Så når ingen av elevane lot seg friste til å låne boka (dei fleste var midt i ei bok), så benytta eg sjansen.

Ofte jobber eg med andre ting når elevane les, eller hjelper enkelte med å finne seg bok, men så ofte som mulig så liker eg å sette meg ned og lese samtidig som dei. Pedagogisk sett så er jo det heilt rett; då er eg som vaksen eit forbilde for elevane og viser at lesing er noko som eg også finn glede i (noko forøvrig mine elever veit veldig godt…;) Men eg skal innrømme at det føles litt rart å sitte der og kose seg med ei bok i arbeidstida, spesielt hvis det kjem andre inn i klasserommet og ser dette… Heldigvis så har eg då altså ei god pedagogisk grunngjeving på hand!

Problemet med å lese Faen ta skjebnen med ein haug 12-åringar rundt seg er jo sjølvsagt det at eg blir så lett rørt av det eg les. Ein gong blei eg så rørt av ei høgtlesingsbok eg las for ein 1. klasse at eg måtte legge vekk boka litt og hente meg inn før eg kunne fortsette. Eg hugser ikkje kva bok det var, men ho handla om ei fuglemor som dro frå fugleungen sin og ikkje kom tilbake (meir skal det altså ikkje til)… Dei som har lese Faen ta skjebnen veit jo at her er det mykje å bli rørt av, så eg skjønte fort at her måtte eg ta boka med heim og lese ferdig viss eg ville unngå store mengder tårer og gørr i klasserommet…

Faen ta skjebnen blei lese ferdig no i dag, og eg likte boka veldig godt. Eg skal ikkje skrive noko anmeldelse her, men kan anbefale å lese det NRK bok har skrive om denne boka. Eg likte veldig godt korleis Green balanserer det alvorlege og triste med det humoristiske i ei romantisk historie om to ungdommar, Hazel og Augustus, som forelsker seg. Han skildrer sjukdom ærleg og direkte, utan at det blir tåredryppande og svulstig. Når eg les no i ettertid at Green har ei fortid som sjukehusprest, så får eg det godt til å stemme med den innsikten han viser i korleis det er å leve med ein dødeleg sjukdom, og korleis sjukdommen virker inn på dei rundt.

«Hver gang du leser en kreftbrosjyre eller nettside eller noe sånt, nevner de alltid depresjon som en av bivirkningene av kreft. Men depresjon er egentlig ikke en bivirknig av kreft. Depresjon er en bivirkning av å skulle dø» (s. 11)

Einaste innvendingane eg har til boka er at Hazel og Augustus av og til kan vere litt vel slagkraftige i replikken alderen tatt i betraktning (sjølv om eg liker veldig godt dei kjappe replikkane deira!), og at historia om den nederlandske forfattaren tar litt av etterkvart… Men dette er små innvendingar mot ei god og viktig bok som Faen ta skjebnen er. Eg trur nok at 7. klassingane mine kanskje er litt unge for denne boka, der hovudpersonane er 16 og 17 år gamle. Tipper at boka passer godt frå ungdomsskulealder og oppover, og vaksne lesarar har absolutt eit godt utbytte av boka også. Eller kva meiner de andre som har lese boka om målgruppa? Eg gleder meg i alle fall til å lese Hvem er du Alaska? av John Green som kjem på norsk no, og denne gangen skal eg ikkje vente like lenge:)

Mange har blogga om denne boka, og her er nokre av dei blogginnlegga som er verdt å lese (det finst heilt sikkert fleire, gje meg ein lyd om eg har oversett nokon):

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Barne- og ungdomsbøker, YA/Ung vaksen og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

9 Responses to Endeleg har eg også lese «Faen ta skjebnen» av John Green!

  1. siljeblomst seier:

    Ja, denne er god! Og gled deg til Looking for Alaska, den er nesten like god! (Eller bedre, dersom du spør mannen min;-;-)).

  2. Birthe seier:

    Nå er jeg veldig glad for å ha boken liggende! Eller, den ligger nok på 17-åringens rom siden det var hun som kjøpte den i sommer en gang. Og likte den. Hun skal også lese Alaska-boken. Jeg får bare gjøre mitt for å henge med!

  3. Frøken Vims seier:

    Ja, det er berre å henge med så godt ein kan;) Kjekt å lese litt ungdomsbøker innimellom!

  4. bjorgmi seier:

    Eg har veldig lyst til å lese denne. Eg har bare ikkje komme så langt, ennå.

  5. ellikken seier:

    Jeg har gjort spede forsøk på å friste min egen 7. klassing med denne boken, men enda har jeg ikke lykkes. Tror som deg at det er litt i tidligste laget.

    Fuglemammaen som ikke kommer tilbake… Jeg får klump i halsen bare om å lese om det. Klump i halsen fikk jeg derimot ikke helt av Faen ta skjebnen, tvert i mot hva jeg hadde trodd på forhånd. Jeg gråt litt, men jeg smilte desto enda mer.

    • Frøken Vims seier:

      Ja, heller mot at det er ei bok for tenåringar (og oss bittelitt eldre enn det…;) Enig i at det er ei bok som får ein til å smile. Sjølv om det var trist også, så var det så mykje fint i boka! Og mange gode replikkar og kloke tankar.

      Kanskje det må bli ein bloggserie om billedbøker til å få klump i halsen av… I tillegg til fuglemammaen så hugser eg ei anna bok der eg har kjempa mot tårene under høgtlesing; «Farvel, Rune» av Marit Kaldhol og Wenche Øyen. Fantastisk og trist bok!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s