Margaret Atwood, dystopi og feminisme

Margaret Atwood er ein forfattar eg lenge har hatt lyst å lese, så når eg såg at The Handmaid´s Tale var månadens 1001-lesesirkelbok hos Line´s bibliotek så var det ein passande anledning til å komme i gang. Eg kom over pocketutgåva på norsk i sommar, med tittelen Tjenerinnens beretning. Det ryktast at denne ikkje er å få kjøpt på norsk lenger, så det håper eg at forlaget har planar om å gjere noko med! Fleire bør lese denne, også blant oss som ikkje er heilt komfortabel med å lese bøker på engelsk.

margaret-atwood

Margaret Atwood (fødd 1939) er kanadisk forfattar med eit stort tal utgitte bøker; romanar, novellesamlingar og diktsamlingar. Atwood har vore aktuell i det siste som ein sterk kandidat til Nobelprisen i litteratur. Ho er også aktiv på Twitter og ein profilert miljøaktivist.

Tjenerinnens beretning er ei bok som traff meg med ein gong. For det første liker eg veldig godt måten Atwood byggjer opp historia på, og for det andre så er eg i utgangspunktet veldig svak for dystopiar. Det er mykje ein kan skrive om denne boka, og mange aspekt å ta tak i, men eg begrensar meg til dette i denne omgang.

I Tjenerinnens beretning følger vi Offred, ei kvinne som tilhører kategorien tjenerinner. Det er stemmen hennar vi høyrer, som ein indre monolog gjennom boka, og det er gjennom Offred sin stemme vi gradvis får meir og meir innsikt i korleis dette samfunnet fungerer. Atwood held lesaren i uvitenhet i starten av boka, og det er berre små drypp med informasjon om samfunnet rundt Offred og om forhistoria hennar. Vi skjøner at det er eit totalitært samfunn der kvinner er nærast utan rettar, og at kvinnene er delt i kategoriar etter kva roller eller arbeidsoppgåver dei har. Menn med makt har både koner og tjenerinner, og tjenerinnens oppgåve er å bære fram barn (ein parallell til bibelhistoria om Rakel, Jakob og slavekvinna Bilha). Etterkvart får vi høyre om Offred sitt liv før kuppet som førte til denne nye samfunnsordenen, om dattera og mannen som ho vart adskilt frå. Vi får høyre om gradvise endringar i samfunnet som etterkvart blei meir dramatiske og endte med det patriarkalske diktaturet Gilead, styrt av fanatiske religiøse grupper. Måten historia blir fortalt på, det at vi gradvis får eit større bilete av samfunnet og historia til hovudpersonen, gjer meg veldig nysgjerrig og får meg til å lese videre. Eg liker at eg må føle meg fram og gjette kva som har skjedd, og lese videre for å få historia avdekka lag på lag. Og eg liker at eg ikkje får alle svara eg gjerne vil ha til slutt, men blir gåande og tenke på boka lenge etter at den er ferdig lese.  

tjenerinnens beretningThe Handmaids Tale blei utgitt i 1985, og Margaret Atwood skreiv første delen av boka mens ho budde i Vest-Berlin, omgitt av Berlinmuren. I ein artikkel i The Guardian frå 2012; Haunted by The Handmaid´s Tale, fortel Atwood om skriveprosessen og livet boka har levd i offentlegheten etterpå. Ho skriv om sitt val av teokrati som styreform i den dystopiske utgåva av USA ein gong i framtida, eit teokrati som i likhet med andre bygger på nokre utvalgte avsnitt frå ein heilag tekst for å rettferdiggjere samfunnsordenen. Atwood meiner at eit diktatur må byggje på nokre strukturar som allereie er til stades i samfunnet, og at den religiøse arven står så sterkt i USA at dette er den mest sannsynlege formen for diktatur utløyst av ein periode med kaos. 

Atwood meiner sjølv at ho ikkje skriv science fiction, men det ho kallar fantastisk fiction. Det ho skriv er realistisk på den måten at ho forsterkar tendensar ho ser i samfunnet, og skildrar noko som ho meiner kunne skjedd under visse føresetnadar. I arbeidet med The Handmaid´s Tale laga ho ein regel for seg sjølv: Å ikkje inkludere noko som menneske ikkje allerede hadde gjort ein eller annan stad i verda ein eller annan gong, eller noko som ein ikkje allereie har teknologien til å gjere:

«The group-activated hangings, the tearing apart of human beings, the clothing specific to castes and classes, the forced childbearing and the appropriation of the results, the children stolen by regimes and placed for upbringing with high-ranking officials, the forbidding of literacy, the denial of property rights: all had precedents, and many were to be found not in other cultures and religions, but within western society, and within the «Christian» tradition, itself.» (frå artikkelen Haunted by The Handmaid´s Tale)

Frå The English National Opera produksjonen av The handmaids Tale i 2003. Fotografi: Tristram Kenton, The Guardian.

Frå The English National Opera produksjonen av The handmaids Tale i 2003. Fotografi: Tristram Kenton, The Guardian.

Noko av det eg liker ved gode dystopiar, er den innebygde samfunnskritikken. Det er forfriskande med forfattarar som deltek i samfunnsdebatten på sin måte, og stiller spørsmål ved kva veg samfunnet beveger seg. Det som gjer The Handmaid´s Tale så skremmande, er at dei samfunnsendringane Atwood skildrar i boka skjer så gradvis at folk ikkje reagerer før det er for seint. Dei høyrer om ting som skjer, men tek det ikkje på alvor. Det er for utenkeleg at ein skal miste rettar som ein tek for gitt i samfunnet.

Endring skjer aldri momentant. I et badekar der vannet blir varmere og varmere, kan en bli kokt i hel før en vet ordet av det. Det sto jo ting i avisene, lik i grøfter eller i skogen, brutalt slått i hel eller lemlestet, misbrukt, som man sa, men det gjaldt andre kvinner, og mennene som gjorde slikt, var andre menn. Det var aldri menn vi kjente. Det som sto i avisen, var som drømmer, onde drømmer drømt av andre. Så fælt sa vi, og det var det. Men det var fælt uten å være troverdig. Det var for melodramatisk, det hadde en dimensjon som ikke hørte til i våre liv.

Med andre ord; ikkje ta ting for gitt, rettar ein har kjempa fram gjennom årtier kan forsvinne på eit blunk og feminisme er ikkje overflødig enda. Heller ikkje kampen mot undertrykking generelt.

Eit lite boktips til slutt: The Handmaid´s Tale minner meg litt om ei anna bok eg har lest og blogga om, He, she and it av Marge Piercy (på norsk: En fantastisk mann, ein tittel eg ikkje liker like godt…) – dette er også ein dystopi med ein viss feministisk vri. Anbefaler denne boka til alle som likte The Handmaid´s Tale! Dette er ei bok med meir ytre handling, men mange spennande karakterar og fascinerande miljø.

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under 1001-bøker, Dystopi, Science fiction og merkt , , , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

10 Responses to Margaret Atwood, dystopi og feminisme

  1. Flott innlegg om boken! Jeg er enig i at boken ikke bør forsvinne fra norske bokhandler, for den er like aktuell nå som for tjue år siden. Minst. Jeg har hengt meg spesielt opp i det hun skriver om miljøet, selv om de kjønnsmessige aspektene er like smart observert og skildret som alltid hos Atwood. En fantastisk forfatter, og en fantastisk roman!

    • Frøken Vims seier:

      Fantastisk roman, ja! Det er så mange aspekt ved denne boka ein kan fokusere på, både når det gjeld tema, sjanger og språk, så her er det nok å velge mellom:) Blir spennande å lese innlegget ditt! Gleder meg til å lese Oryx and Crake, den boka har vel eit enda sterkare miljøfokus etter kva eg har forstått.

  2. Birthe seier:

    Godt skrevet om Tjenerinnens beretning! Jeg leste den på engelsk, og språket er absolutt overkommelig. Ingen lange setninger med vanskelige ord, så om det ikke kommer flere norske utgaver går det fint med den engelske. Jeg synes også boken er fantastisk, og liker godt at historien ikke blir servert, men at en må tenke og gruble. Du har lagt vekt på mye av det samme som jeg også opplevde med boken, det er spennende! Hedda (boktanker.blogspot.com) og jeg tenker å lese Oryx and Crake snart, det hadde vært gøy om du ble med 🙂

    • Frøken Vims seier:

      Takk for tilbakemelding, Birthe:) Blir gjerne med å lese Oryx and Crake! Står på venteliste på biblioteket, så regner med å få den snart. Har vurdert å lese den på engelsk, men har bok to i trilogien på norsk så trur eg går for norsk heile vegen (blir rart å svitsje språk underveis i ein trilogi, og regner jo med eg skal lese resten av den også… før eller seinere;) Har dere noe tidsplan for Oryx and Crake?

      • Birthe seier:

        Høres ut som jeg burde reservere den første boken nå hvis det er venteliste på den! Vi hadde ingen plan for lesingen, bortsett fra «ut på nyåret» – jeg skal titte innom igjen med nærmere beskjed 🙂

      • Frøken Vims seier:

        Supert! Skal følge med på bloggen din også, så eg oppdatert:) Dei hadde ikkje Oryx and Crake på mitt lokale bibliotek, så måtte bestille frå eit anna bibliotek. Venteliste var kanskje litt feil å si, rekner med det berre tar eit par dager:)

  3. Tilbakeping: Oppsummering av leseåret 2013 | Draumeverda

  4. Hedda seier:

    Flott innlegg om boka, og fin blogg! Håper du får skrevet litt mer utfyllende om «Oryx og Crake» også, det hadde vært veldig spennende å lese hva du synes.

  5. Frøken Vims seier:

    Takk, takk:) Skal skrive om Oryx og Crake også etterkvart, men ting tar tid…

  6. Tilbakeping: Margaret Atwood: Oryx og Crake | Draumeverda

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s