Oppsummering av leseåret 2013

Eg er ikkje så strukturert at eg har månadlege oppsummeringer på bloggen, og eg har heller ikkje hatt noko lesemål for året som har gått. Men ei lita oppsummering av leseåret 2013 tenkte eg kunne vere på sin plass no når vi har passert nyttår.

43 bøker er blitt lest dette året. Eg skulle jo alltids ønske å få lest meir, men innser at tida begrenser det. Sjølv om eg elsker å lese så kjem lesinga ofte eit stykke nede på prioriteringslista, etter jobb, familie (av og til i alle fall) og andre forpliktelser og forlystelser som livet byr på. Dette siste halvåret har for eksempel flytting tatt mykje tid, så det har vore lite lesing no på seinhausten.

Eg har blogga om ca halvparten av bøkene eg har lese, og det er eg forsåvidt ganske fornøyd med. Det er ikkje alle bøker eg føler behov for  skrive noko om, andre kunne eg tenkt meg å blogge om men prioriterer det vekk fordi eg føler at boka fortener noko meir enn ein enkel omtale, og dermed blir det utsatt eller valgt vekk til fordel for meir lesetid…  I desse tilfella kunne eg kanskje ha pressa meg sjølv litt meir. Next year, maybe?

Men kva har eg lese dette året? Og kva var godbitene? Eg startar med det første, og oppsummerer året i tal:

  • Som sagt, antall leste bøker: 43. Av desse var 24 av mannlege og 20 av kvinnelege forfattarar.
  • Bøker av norske forfattarar: 10 (2 av desse på nynorsk)
  • Ungdomsbøker/YA: 13
  • «1001-bøker»: 8 (Jane Austen utgjer halvparten av desse…)
  • Bookerprisvinnere: 2 (Vanære og Hvit tiger)
  • Bøker lese på engelsk: 4

Lista over leste bøker finn du her. Eg trudde eg hadde lese flest kvinnelege forfattarar i år, men ser at eg er under 50 prosent kvinneandel… Nesten ein tredjedel av bøkene eg har lese har vore ungdomsbøker, og det har vore mange positive opplevinger på den fronten. Eg har ikkje lese så mykje ny, norsk litteratur, så det er noko eg kan bli flinkare til. Kanskje eg kaster meg over kortlista til bokbloggerprisen etterkvart. Eg vil også prøve å bli meir variert geografisk til neste år, og lese meir litteratur som ikkje er europeisk eller amerikansk. Kanskje kombinere dette med å lese fleire Bookerprisvinnarar, sidan det er ganske stor geografisk spredning på desse?

Eg har oppsummert med nokre av mine favorittar frå leseåret 2013:

Årets favorittbok:

tjenerinnens beretning

Det er fleire av årets bøker som har gått inn på  «favorittbøker gjennom tidene»-lista, som Emma og Stolthet og fordommer av Jane Austen og Enders Game av Orson Scott Card. Årets høgdepunkt var likevel utan tvil Tjenerinnens beretning av Margaret Atwood. Fantastisk bok! Skal utvilsomt lese meir Atwood i 2014, og startar med Oryx and Crake i januar.

Årets favorittungdomsbok:

looking for alaskaLooking for Alaska av John Green. I sterk konkurranse med Faen ta skjebnen så var det denne som endte opp som min favoritt.  Miles, som memorerer berømte menneskers siste ord, reiser på High School for å oppleve «the Great Perhaps». I god John Green-stil så er denne proppfull av sitatvennlige avsnitt: «But I lacked the courage and she had a boyfriend and I was gawky and she was gorgeous and I was hopelessly boring and she was endlessly fascinating. So I walked back to my room and collapsed on the bottom bunk, thinking that if people were rain, I was drizzle and she was hurricane.»

Årets «vel verdt slitet»-bok

til fyretTil Fyret av Virgina Wolf. Denne sleit eg veldig med i starten og gav til slutt opp. Det var berre rein utholdenhet og konsentrasjon som dreiv meg framover, og eg hadde ingen glede av boka. Etter ein måneds tid plukka eg den opp igjen og gav den ein ny sjanse, og litt over midtvegs i boka så løsna det plutselig. Det var midt under ei middagsscene der vi følger fru Ramsey i ein av tankestrømmene sine at det kom ein referanse til Jane Austen sitt forfatterskap som fekk meg til å sjå scena i eit anna lys, og plutseleg så var det meir interessant. Når det først løsna kjente eg på lesegleden gjennom resten av boka, sjølv om det kosta innsats og uthaldenhet videre også. Er glad eg gav Til Fyret ein sjanse til, og skal jammen lese denne ein gong til no når eg har «knekt koden». Kanskje eg prøver meg på meir Wirgina Wolf til neste år?

Årets dokumentar/biografi: 

magnus carlsenMagnus Carlsen – verdens beste sjakkspiller av Hallgeir Opedal. Dette var ei bok eg kjøpte til min sjakkinteresserte 12-åring no i desember, men eg bladde litt i den og endte opp med å lese den parallellt med han (Mor: Eh, no må du snart legge frå deg boka og gå og legge deg. Sønn: Å, vil du lese videre i boka mi igjen no…?) Kanskje eg blogger om denne boka etterkvart. Den ga meg i alle fall eit innblikk i sjakkens spennande verden, full av storpolitikk, primadonnaer, geni, galskap, business og korrupsjon. Og så bekrefta den inntrykket av Magnus Carlsen som taus, mystisk og sjarmerande. 12-åringen ga forøvrig denne boka terningkast seks.

Årets favorittforfattar:

emmaJane Austen

Eg endte opp med å lese fire Jane Austen-bøker i år. Skjønner framleis ikkje kvifor eg ikkje har lese Austen før, men det førte i alle fall til fire nye kryss på 1001-lista i år, og eit flott nytt bekjentskap:) Har spart på Northanger Abbey og Persuasion, gleder meg til å lese dei til neste år! (i tillegg var det jo også Austen som hjalp meg å komme gjennom Til Fyret)

Årets favorittsjanger:

Dystopi var absolutt årets sjanger. I tillegg til kvalitetsdystopi av Margaret Atwood, så har eg dette året fullført heile tre dystopiske YA-serier:

  • Pretties, Uglies, Specials (Scott Westerfeld)
  • Divergent, Insurgent, Allegiant (Veronica Roth)
  • Matched, Crossed, Reached (Ally Condie)

Dette er bøker eg ikkje har blogga noko særleg om. Kunne ha skrive mykje om desse (og kanskje det kjem eit innlegg seinere), men nøyer meg med å anbefale alle tre seriene for dei som liker dystopi, science fiction eller fantasy.

Favoritter av norske bøker lest i år:

Tre nye bekjentskap for meg, alle gode på kvar sin måte. Klarer ikkje velge ein favoritt her, men skjønner at Vigdis Hjort er ei dame eg må lese meir av!

Med oppsummeringa av 2013 så innser eg at eg allereie har satt meg nokre mål for neste leseår… Kjem tilbake til dette i eit nytt innlegg snart:) Godt nytt leseår til alle der ute, og takk til alle bokbloggarar for gode lesetips i året som har gått!

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Boklister, Diverse og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

6 Responses to Oppsummering av leseåret 2013

  1. Birthe seier:

    Bra oppsummering dette! Jeg tror nok jeg faller på «Tjenerinnens beretning» som favorittbok jeg også, men også andre bøker har vært gode. Uansett er jeg glad for oppdagelsen av Atwood og ser frem til lesingen av Oryx og Crake 🙂

  2. Frøken Vims seier:

    Takk for det, Birthe! (kommentaren din var havna i søppelbøtta her…) Vanskelig å velge ein favoritt blant mange gode bøker… For meg var fleire av Jane Austen sine bøker favoritter i år også. Det kan vere lett å huske best bøker ein les mot slutten av året, men uansett var nok Tjenerinnes beretning den som gjorde sterkast inntrykk på meg i år. Gleder meg til meir Atwood, ja:)

  3. Lise seier:

    Så morsom og bra blogg du har! Vi leser veldig like ting får jeg inntrykk av. Og Atwood – hun har jeg planer om å lese. Jeg har lest et par bøker av henne, men ikke den du nevner her. Har du lest Alias Grace?

    • Frøken Vims seier:

      Takk for fine ord:) Er inne og ser på bloggen din av og til, og er stor fan;) Har blitt tipsa om Alice Grace, men har ikkje lese den enda. Tenkte eg skulle fortsette med meir Atwood-dystopi, så Oryx and Crake er neste på lista. Men Alice Grace er notert bak øret;)

  4. hernesvold seier:

    Hei! Eg ramla litt tilfeldig over bloggen din og ser at eg har lese noko av det same som deg. Inspirerande! Eg rakk 13 bøker i år, og er eigentleg særs nøgd med det (norsklektor og småbarnsmor…). Det kjekkaste var å lese «Pride and Prejudice», som eg har klart å gløyme av sjølv om eg har mellomfag i engelsk. For ei perle! For eit språk! Eg har faktisk lese «To the Lighthouse» for mange år sidan, og likte den boka. Eg ser at du ikkje har skrive noko spesielt om «Vanære». Eg las boka på engelsk, og vart veldig riven med, faktisk så mykje at eg trur det vart min favoritt i år. Så skrekkeleg, men òg så godt skildra. Elles har eg lese Vaage: «Syngja» (nydeleg bok), Lahlum «Menneskefluene» (litt rar, historisk krim), Knausgård: «Min kamp 1» (jaudå), Pettersons «Jeg nekter» (likte ho, men ser innvendingene dine og deler dei), Eides «Mottro» (artig – artig), Ravatn: «Fugletribunalet» (litt rar og litt god), Paul Auster «Winter Journal» (eit must om ein likar han, amerikansk) og eit par til. No må eg vel følge med på kva du les etterkvart i år!

    • Frøken Vims seier:

      Hei, så kjekt at du fann fram til bloggen min! Pride and prejudice er fantastisk, eg har forelska meg heilt i Jane Austen i år:) «Vanære» hørte eg på lydbok, og det er eg egentlig ikkje så glad i – så leseopplevinga blei nok litt annleis (t.d. kom slutten veldig brått på, eg skjønte ikkje at boka var ferdig…). Er enig i at det er veldig gode skildringar, og at den er fæl innimellom… Sterk, og litt provoserande også til tider, men eg trur eg må lese den i bokform også.
      «Syngja» har eg liggande og skal lese snart, og «Fugletribunalet» har eg også hørt mykje bra om så kanskje det blir tid til den også i løpet av 2014:) Har kun lese ei bok av Auster (Moon Palace), men har lurt på New York-trilogien hans tidligere. Takk for gode lesetips, tek gjerne imot fleire!
      Har forresten vore innom bloggen din og plukka opp eit tips til undervisninga, skal prøve meg på Kahoot med 7. klassen min ein dag:) Skal kikke innom og gje ein tilbakemelding når eg har fått prøvd det ut…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s