Boka på vent: «Brenn huset ned» av Frode Grytten

gryttenBrenn huset ned er ei av bøkene eg har med meg på vinterferie denne veka. Digitalt riktignok. Eg har nemlig oppdaga at eg kan låne elektroniske bøker rett til Ipaden ved hjelp av e-lån Hordaland. Alle med lånekort på folkebibliotek i Hordaland (utanom Bergen…) kan låne ebøker her. På Ipad eller Iphone er det berre å laste ned appen Bluefire Reader, så kan du åpne låneboka i appen:)

Eg har stor sans for Frode Grytten, og har tidlegare lese Bikubesong og Flytande Bjørn. Brenn huset ned kom ut i 2013, og er ein roman om bandet The Clash. Grytten fortel bandets historie frå kvar av dei fire medlemmenes perspektiv, men det er altså ein roman og ikkje ein biografi. Frode Grytten har vist før at han kan skrive godt om musikk (og til musikk!), så eg gleder meg til Brenn huset ned. 

Få gjerne fleire boktips ved å besøke bloggen til Beathe og sjå kva som står på leselista til andre bokbloggarar.

bilde2

Her er Frode Grytten på Periferiefestivalen i sommar, ilag med Lars Vaular. Også då med tekstar som kommentarar til musikk. (privat foto)

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Boka på vent, Norsk litteratur, Nynorskbøker, Roman og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

10 Responses to Boka på vent: «Brenn huset ned» av Frode Grytten

  1. Åslaug seier:

    Så bra tiltak da! Håper at andre fylker og kommuner kan følge etter. Skal sjekke om mitt bibliotek har dette i tankene.

  2. hernesvold seier:

    Denne boka kan eg og tenke meg å lese. Ein elev skreiv særemne om ho og Beatles – spanande! Novella «Song frå linje 69» frå Popsongar er fast post når eg har vg1, her kan ein verkeleg diskutere mykje.

  3. Jeg har nettopp «oppdaget» ebokbib etter at jeg var og fikk oppgradert det gamle lånekortet mitt og har lånt 4 ebøker bare nå i februar. Tusen takk for info om eboklån i Hordaland, skal jammen sjekke ut om jeg kan låne bøker og laste ned på nettbrettet mitt. Jeg har ikke lest noe av Frode Grytten enda, men jeg ser at Bikubesesong er på mammutsalget så kanskje jeg burde benyttet meg av det. Tusen takk for boktipset.

    • Frøken Vims seier:

      Bruker du ebokbib på nettbrett eller på pc? Eg lasta ned appen ebokbib til Ipaden, men får den ikkje til å virke. Får kun fram nokre få bøker, men får ikkje lasta dei ned og får ikkje søke etter andre bøker… Men eboklån i Hordaland sine nettsider fungerer fint, bruker nettleseren til å finne fram og laste ned bøker, og så kan eg velge å åpne dei i Bluefire Reader eller andre leseapper:)

  4. astridterese seier:

    Vi har eBokBib i Rogaland. Det vil si at du må være knyttet til Stavanger bibliotek for å bruke den, så jeg har lånt ett par bøker der. Men jeg har også to e-readere (Kindel og Sony) så jeg foretrekker å lese på dem (e-blekk og uten lys) enn på ipaden hvor jeg har eBokBib. Men det er kjempebra at bibliotekene har begynt med e-lån 🙂 Ønsker deg en fin dag!

    • Frøken Vims seier:

      Eg har egentlig ikkje vore så veldig gira på e-bøker, men har komt litt i gang med det no. Lurte på å ønske meg Kindle til jul, men var usikker på om eg ville ha ein egen «dings» kun til lesing… Har fått meg heilt ny Ipad mini no, og den er faktisk ganske ok å lese på. Fin størrelse å holde i, og god skjerm. Men har ikkje prøvd den i sollys, regner med den ikkje er så bra som ein Kindle der.
      Har ikkje fått ebokbib-appen min til å fungere skikkelig. Håper det ordner seg, så er det kanskje enda bedre utvalg i bøker å velge i:)

  5. Birthe seier:

    Jeg har ennå ikke lest noe av Grytten, men har fått med meg at han skriver godt så jeg burde nok se å starte på en av bøkene hans snart 🙂

  6. Frøken Vims seier:

    Ja, Frode Grytten bør du lese:) Kan anbefale Bikubesong eller novellesamlinga Popsongar. Ekstra bonus at han skriv så fin nynorsk:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s