3 norske ungdomsbøker frå 2013

I 2014 hadde eg tenkt eg skulle lese klassikarar og bøker som eg allereie har i bokhylla. Så langt har eg i stadan lese ein del nye, norske bøker – for det meste ungdomsbøker. Litt av forklaringa er nok at eg har begynt å bruke biblioteket meir regelmessig (både det lokale biblioteket og e-boklån på nettet), og at eg låner ein del barne- og ungdombøker til elevane mine. I alle fall er det kjekt å oppdatere meg litt på nye norske ungdomsbøker, sjølv om eg sjølvsagt helst skulle gjort dette før fristen gjekk ut til å nominere til Bokbloggerprisen 2013…

Dette er tre av ungdomsbøkene eg har lese så langt i år:

blå øger

Bøker på kav bergensk er ikkje så vanleg, men er ein fin vri her.

Ungdomsromanen Blå øger kan isje lyge av Hans Sande er ei merkeleg lita bok om ein gutt som lurer på om han er det einaste mennesket i verda.

Koffor har Moderen grønne øger som lyser i mørket? Dette har han lurt på fra han var fire år. No e han fjorten, og han vet svaret: Moderen e lagd av elastin, og det finnes isje andre levende mennesker på Jorden. (fra baksideteksten på boka)

Det er ein slags dystopi, men ganske annleis enn dei mange YA-dystopiane som er så populære for tida. For her er det ikkje mykje ytre spenning. Handlinga går stort sett føre seg inne i ei leilighet, og det er tankane og refleksjonane til hovudpersonen som driv lesaren vidare. Forfattaren beskriv boka som ein framtidsroman om ein gutt som prøver å bli ekte bergensar. Her kan du lese kva forfatteren skriv om bakgrunnen for boka

Eg vil tru at dette er ei bok som passar betre på vidaregåande enn på ungdomsskulen, og den kan godt lesast av vaksne også. Språket er leikande og eksperimenterande, og heile boka er skrive på bergensk. Eg syns i periodar at boka var litt monoton, men samtidig var eg nysgjerrig på å lese vidare. Astrid Therese har også blogga om boka (ho skjønte ikkje heilt greia med strilar og bergensarar, men for oss som har lokalkunnskap om dette så er det ein ekstra dimensjon som gjer boka enda meir underhaldande;)

beina i gitaren

Ei av fjorårets beste norske ungdomsbøker?

Beina i gitaren av Sunniva Relling Berg handlar om ei 17 år gamal jente, Bo. Dette er ei bok om identitet, om å finne ut kven ein er i overgangen frå barndom til ung vaksen.

Bo er 17 og har gitt opp å passe inn. Men då ho møter Hans blir det ikkje lenger så lett å tenkje at ingenting betyr noko. Vi følgjer ho eit år frå sommar til sommar, gjennom tilbakeblikk til barndomen ho er på veg ut av, og intense, men famlande forsøk på å finne sin plass i verda og i forholdet til Hans. Beina i gitaren er ei sterk, kompleks og velskriven historie om identitet og sterke kjensler. (omtale frå forlaget)

NRK kulturnytt har ei god omtale av boka, så les den om du vil vite meir om Beina i gitaren og Sunniva Relling Berg. Dette er ei bok eg anbefaler både for litt eldre ungdommar og for vaksne! Den har eit vakkert og poetisk språk, og det er mykje å kjenne seg igjen i for alle som er eller har vore ung. Beina i gitaren er sålang ei av dei beste norske bøkene eg har lese frå 2013, så denne hadde eg definitivt nominert til Bokbloggerprisen om eg berre hadde lese den i fjor… Les mye  har også blogga om boka, og liker spesielt språket godt.

hyperpubertetI Hyperpubertet av Vera Micaelsen møter vi Camilla som er 13 år og enda ikkje er komen i puberteten. Ho er usikker på seg sjølv, som mange 13-åringer er, men her slutter det realistiske i foreljinga. Micaelsen bruker humor og overdriving for å fortelje om det som kan vere vanskelege for jenter i puberteten, om det å få pupper, kviser og mensen. Det handler også om venninner, mobbing på nettet, gutar, hormonar og vaksne som oppfører seg meir eller mindre vaksent. For meg blei dette litt for mykje satt på spissen til at eg klarte å engasjere meg heilt i boka, det blei litt heseblesande og voldsomt. Men eg ser at det kanskje kan vere ein god måte å ta opp temaet for dei som er i starten av tenåra, humoren i boka kan ta litt brodden av det som ellers kan vere teit og litt flaut å lese eller snakke om. For meg blei det litt for mykje En pingles dagbok-stil over Hyperpubertet, men så er eg riktignok ikkje i målgruppa heller… Fleira andre har blogga om boka, Bokvrimmel og Flukten fra Virkeligheten  er meir overbeviste om at humoren fungerer enn det eg er, medan Pervoluto og  I Bokhylla i likhet med meg er litt meir skeptiske. Men dette er det kanskje dei frå 12-13 år og oppover som bør avgjere, så eg har lurer på om eg skal prøve å friste nokre av elevane mine i denne alderen til å teste ut boka for meg:)

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Barne- og ungdomsbøker, Boklister, Norsk litteratur og merkt , , , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s