Frode Grytten: Brenn huset ned

grytten

Frode Grytten og musikk er ein fin kombinasjon. Brenn huset ned er ein roman om den britiske punk-rockegruppa The Clash, og tek utgangspunkt i ei konsertrekkje dei hadde i New York sommaren 1981 på Bond´s. Det er sommarhete, opprør, protest mot det beståande, dop, rytme og heftige riff.

Vi får innblikk i The Clash som musikkfenomen, men Grytten gjev oss også eit innblikk i liva til dei fire bandmedlemmene som var med når bandet var på topp. Medlemmene får kvart sitt kapittel der dei har synsvinkelen. Forfattaren tek for seg relasjonane innad i bandet, relasjonar til kjærestar og dei litt manglande relasjonane i oppveksten. Frode Grytten gjer dette med varme, omtanke og humor. Det er vakre formuleringar og rytme og poesi i språket (på nynorsk sjølvsagt). Grytten får meg faktisk til å føle at nynorsk og punk heilt naturleg høyrer saman.

Han visste at The Clash ikkje var nok, det heldt ikkje med pomade, pønk, pogo. Pønken var ikkje subtil eller smart. Pønken var ikkje poesi. Pønken var ikkje pingpong. Pønken var ikkje eingong ny lenger. Pønken var bare dette desperate ropet rundt midnatt ei New York-natt. Men han kom ikkje til å gi seg. Hendene hans verkte. Det dunka i overkroppen. Det gjorde vondt i føtene. Det small i skallen, men det funka. Verda var enkel. New York var enkel. Bond´s var enkel i to timar. (s. 25)

Brenn huset ned gir meg ei kjensle av kva The Clash var og kvifor dei var viktige. Eg hadde ikkje noko forhold til The Clash frå før, bortsett frå assosiasjonar til London Calling, men no føler eg at dei er gamle kjente. Eg blir nysgjerrig på kor mykje forfattaren har basert seg på kjende fakta og kor mykje kunstnerisk fridom han har tatt seg, og ikkje minst så er eg nysgjerrig på å sjekke ut meir av musikken til The Clash. Dette er absolutt ei bok med eit soundtrack! Videoen under er frå ein av konsertane på Bond´s sommaren 1981:

På bloggen til Rose-Marie kan du lese ei grundig og god omtale av boka, med linkar til mange av avisomtalene.

 

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Biografi/reportasje, Musikk, film og TV, Norsk litteratur, Nynorskbøker, Roman og merkt , , , , , , . Bokmerk permalenkja.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s