Sommar og leseglede!

IMG_7008Det er nesten eit år sidan sist eg posta noko på bloggen… Det har vore eit år med ny jobb (på høgskule) og mykje lesing av fagbøker og førebuing av forelesingar, noko som har gjort at skjønnlitteratur har vore omtrent ikkje-eksisterande for meg siste året. Men no er det endeleg ferie og tid til lystlesing! Heldigvis er leselysta og lesegleden stor, så med ei veke i sommervarme og sol så er to av bøkene på må-lese-lista mi fullført:) Det passa jo fint å starte med ei bok fra eit akademiske miljø, så Stoner stod først på lista;) Tross alt snakket som har vore rundt denne boka så skuffa den ikkje. Ei stillferdig bok om eit ganske så vanlig, men likevel uvanleg liv. Ein god start på lesesommaren!

IMG_7132Strange Weather in Tokyo plukka eg opp på flyplassen. Har såvidt fått med meg at det er ei bok som har fått god omtale, og sidan eg er mildt fascinert av alt som er japansk så blei det denne (og ikkje Murakami som måtte vere igjen heime). Nok ei bok som innfridde, denne går rett inn blant mine japanske favorittar. Er ikkje spesielt glad i japansk mat, men får lyst å prøve både shabushabu av blekksprut eller sashimi av abalone etter Kawakamis skildringer av spise- og drikkeseansene i denne boka. For ikke å snakke om øl og sake…

Sommarlesningen er i gang – tar gjerne imot tips om andre bøker som bør lesast denne sommaren!

IMG_6967

Fin utsikt frå solsenga mellom leseøktene (og badeøktene som det tross alt er flest av for ei småbarnsmor på chartertur…)

Advertisements

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Diverse, Reise, Roman og merkt , , , , , . Bokmerk permalenkja.

One Response to Sommar og leseglede!

  1. fivrelden seier:

    Det er skjønt når lesegleden strømmer på og man kan fordype seg. God sommer videre 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s