Margaret Atwood: Oryx og Crake

oryx og crakeOryx og Crake er på mange måtar ei skremmande bok. Det handlar om ein verden der dei priviligerte lever inngjerda i rike enklaver bygd rundt store multinasjonale selskap, og om konsekvensane av ein bioteknologi som har løpt løpsk. Selskapa utvikler merkelige genetisk modifiserte organismer som skal løyse problema som miljøøydeleggingar og overbefolkning har ført med seg. Til dømes utvikler dei grisonger, genmanipulerte grisar som produserer menneskeorgan for transplantasjon. Menneska som ikkje er blant dei priviligerte lever i pleband, eit overbefolka bysentrum der sjukdom, fattigdom, prostitusjon og gjengkriminalitet råder.

Hovudpersonen i boka er Snømann, som kanskje er det siste mennesket på jorda. Når vi møter han for første gong er han aleine på ei strand, og kjempar ein desperat kamp for å overleve i vanskelege kår etter den store katastrofa. Han er overlatt ansvaret for å holde ein kunstig skapt menneskerase (crakerne) i live. Crakerne er genspleisa menneskelignande skapningar som lever av planter, tåler tropisk klima, er immune mot alle sjukdommar og lever på mange måter meir som dyr enn menneske. Gjennom tilbakeblikk får vi høyre om Snømann sitt tidlegare liv, då han var Jimmy. Han var blant dei priveligerte som vaks opp i ein enklave, med foreldre som jobba innan genteknologi. Vi får også høyre om barndomsvennen Crake, og den vakre og mystiske Oryx. Men alt dette får vi ikkje høyre gjennom ein kronologisk fortalt historie – vi får servert bitar av det store biletet, og må setje det saman sjølv. Vi veit korleis det ender, men ikkje kva som skjedde på vegen dit – og det er dette som dreiv oss vidare i lesinga. Er Snømann den einaste overlevande, og korleis overlevde akkurat han? Kva var rolla hans i katastrofa, og kva rolle spelte Crake? Kva skjedde med Oryx? Og kva er greia med desse crakerane? Atwood serverer oss akkurat nok informasjon til at vi kan spekulere og fundere, men likevel aldri nok til at vi er sikre på korleis ting heng saman, og nye spørsmål driv oss stadig vidare.

Margaret Atwood er ein utmerka historieforteljar, og ho skaper slåande visuelle bilder av dette dystopiske samfunnet. Ho tøtsjer borti alt frå selvhjelps-kulturen til nedvurderinga av humanistiske fag i utdanninga, overvåkingssamfunnet, utnytting av fattige, kroppsfiksering, genmanipulering og framveksten av mektige multinasjonale selskap. Dette er ting vi finn igjen i dagens samfunn, Atwood tar det berre eit steg lenger – til dets logiske konklusjon (ein form for logikk er det i alle fall…). Forfattaren vil heller kalle boka «speculative fiction» framfor «science fiction». Ved å spinne vidare på det som allereie eksisterer i dagens samfunn blir Oryx og Crake ekstra skremmande.

På mange måter er dette ei bok om etikk. Forskarane sine forsøk på å forbetre naturen blir stadig meir oppfinnsomme og boka stiller spørsmålet: berre fordi vi KAN gjere alle desse tinga (som å krysse skunk og vaskebjørn, skape medisin som kan gje menneske evig ungdom eller skape ein genmanipulert versjon av menneske), BØR vi likevel gjere det? Atwood får denne problemstillinga fram tidleg i boka, i kontrasten mellom foreldra til Jimmy. Faren som jobber hardt for å dyrke fram menneskelige organer i griser, i kontrast til mora som har etiske innvendinger mot arbeidet dei utfører og ikkje klarer å jobbe for selskapet lenger. Etterkvart i boka er det Crake, den andre hovudpersonen i boka, som forfølger ting til  sin ytterste konsekvens i laboratoriet. Han virker å vere heilt utan moralske skruplar, og Jimmy er ein som er med, ein som iakttar, men som ikkje grip inn.

For meg som er lærar, og som for tida stadig vekk får høyre at det viktigaste for min profesjon er vidareutdanning i matematikk, er det underholdande å lese Tom Egil Hverven sin konklusjon i hans anmeldelse av Oryx og Crake: «Atwood gir oss en fabel over hva som skjer når det hun kaller ”tallmenneskene” overtar styringen, slik at det ikke blir noen ordmennesker igjen til å fortelle, reflektere og diskutere. Jeg for min del er glad for at Atwood er her fremdeles». Det er jammen eg også, for canadieren Margaret Atwood har i løpet av det siste halvåret blitt ein av mine favorittforfattarar. Tidlegare har eg blogga om Tjenerinnens beretning, på mange måter ei enda sterkare dystopisk forteljing.

Dystopier er gjerne politiske – på den måten at dei tar opp store og viktige samfunnsspørsmål. Nettopp dette er ein av grunnane til at eg er så begeistra for slike bøker. Spesielt når dei blir skrive på ein så fengande, intelligent og overbevisande måte som Oryx og Crake!

Eg har lese Oryx og Crake ilag med Birthe og Hedda, som begge har skrive svært lesverdige innlegg om boka. Oryx og Crake er første bok i ein trilogi, og dei to neste bøkene er Flommens år og MaddAddam (sistnemnde er ikkje oversatt til norsk enda). Eg har ein mistanke om at vi kjem til å lese oss gjennom trilogien i løpet av våren alle tre…;)

Posta under Dystopi, Science fiction | Merkt , , , , , , , | 6 kommentarar

Smakebit på søndag: Flommens år av Margaret Atwood

flommens år

Flommens år er andre bok i Margaret Atwood sin Maddaddam-trilogi. Eg las første bok, Oryx og Crake, i forrige veke og klarte ikkje å vente med å gå i gang med oppfølgaren… Maddaddam-trilogien er ei dystopisk forteljing, der vi får høyre om ei framtidig verd etter at katastrofa har ramma og berre nokre få menneske har overlevd. Vi får mange tilbakeblikk til tida før katastrofa, til eit samfunn prega av genteknologi, forureining, klasseskilnad og religiøse sekter. Det er på mange måter mørk og dystert, men det er likevel ikkje dystert å lese. I Flommens år følgjer vi andre personar enn det vi gjorde i Oryx og Crake, og får dermed eit anna perspektiv på tida før katastrofa. Det går likevel tråder mellom bøkene og personane i dei, og personer som såvidt blei nevnt i Oryx og Crake dukker opp som sentrale personer i denne boka (og omvendt). Eg liker kanskje denne boka enda betre enn Oryx og Crake, fordi det er eit større sosialt miljø vi får innblikk i og dermed meir sosialt samspel. Det har nok også samanheng med at større deler av historia (så langt som eg har lese til no i alle fall) går føre seg før katastrofa rammar i form av ein smittsom sjukdom.

Smakebiten er henta frå starten av Flommens år:

bildeBesøk Mari sin blogg for å få fleire smakebiter og gode lesetips denne søndagen!

 

Posta under Dystopi, Science fiction, Smakebit på søndag | Merkt , , , , | 19 kommentarar

Feberlesning

20140121-212120.jpg

Småsjuk og feber i kveld – men heldigvis i form til å lese litt etter ibux og litt søvn. Er over halvvegs i Oryx og Crake av Margaret Atwood. Ei bok det forøvrig passer fint å lese i lett feberrus…;)

Bilde | Posted on by | Kommenter innlegget

Smakebit på søndag: Delirium av Lauren Oliver

deliriumDet har gått trått med lesinga etter at juleferien var slutt og julas nye bøker var lest. Eg venter på ei bok frå biblioteket som eg har hatt lyst å lese lenge, og så har eg liksom ikkje komt i gang med noko anna. Eg starta på Bleak House av Dickens, og likte forsåvidt godt starten på den, men med størrelsen på boka og lite tid til lesing akkurat no så skjønte eg at den ikkje kom til å bli halvlest ein gong før lånetida på bibliotket for lengst var ute. Det var ikkje tida for ein murstein akkurat no.

Når det går trått med lesinga så er YA-bøker enkle å komme i gang med for min del, og når eg dumpa over Delirium på biblioteket så kom leselysta tilbake for fullt. Delirium er første boka i Lauren Oliver sin dystopiske trilogi om eit samfunn der kjærlighet blir sett på som ein sjukdom, og der alle får ein kur mot denne sjukdommen når dei fyller 18 år. Dette er den siste av dei store dystopiske YA-trilogiane som eg har på lista mi, har vore gjennom Hunger Games, Uglies, Matched (Cassias valg) og Divergent til no, så tips meg gjerne om det er fleire i samme kategori som eg bør få med meg! (har dessverre ikkje blogga om andre enn siste boka i Divergent-serien, Allegiant, så kanskje eg må gjere noko med det når eg blir ferdig med Delirium-trilogien…)

Så langt er Delirium grei lesning; lettlest og spennande sånn at eg heile tida må lese berre litt til… Den har mange element felles med ei eller fleire av dei andre seriane nevnt over; det er eit totalitært samfunn med strenge regler og grenser og hovudpersonen er ei ung (snart vaksen) jente som etterkvart byrjar å stille spørsmål ved samfunnet og alt det ho har tatt for gitt til no. I starten minner Delirium meg mest om Uglies i måten samfunnet er bygd opp; ved ein viss alder skal alle gjennomføre ein operasjon (skjønnhetsoperasjon i Uglies, kur mot kjærlighet i Delirium), og operasjonen fører i tillegg til at ein blir sløv og likeglad og at ein dermed innordnar seg lovar og reglar utan å protestere på noko. Ein annan parallell er eit alternativ samfunn som eksisterer utanfor grensene, der det bur folk som ikkje vil la seg operere og som kjemper mot myndighetene. I likhet med Matched (Cassias valg på norsk) så bestemmer samfunnet kven innbyggjarane skal gifte seg med, ein annan likhet er at sensur er eit tema og at samfunnet har ein avgrensa «kanon» med litteratur, musikk og kunst som er lovlig for innbyggjarane.

Eg er no omtrent halvveis i boka, men smakebiten kjem frå starten (s. 11-12):

De sier at kjærligheten gjorde folk gale i gamle dager. Det er ille nok. Hysjenes bok forteller også historier om folk som døde fordi de mistet kjærligheten eller aldri fant den, og det er det som skremmer meg aller mest. Det dødeligste av alt dødelig: En sykdom som dreper deg enten du har den eller ikke.

For å lese smakebiter frå andre bøker kan du besøke Mari på bloggen Flukten fra virkeligheten. Der er det mulighet for å plukke med seg nokre gode boktips i ulike sjangre:)

Posta under Barne- og ungdomsbøker, Dystopi, Smakebit på søndag, YA/Ung vaksen | Merkt , , , , , | 6 kommentarar

Neil Gaiman: Havet i enden av veien

havet i endenNeil Gaiman er eit nytt bekjentskap for meg. Eg har hørt mykje om han, og har til og med to bøker av han uleste i bokhylla (Kirkegårdshistorier og Amerikanske guder). Havet i enden av veien sto på ønskelista til jul, men låg ikkje under treet. Heldigvis fekk 12-åringen tre eksemplarer av den siste pingle-dagboka; Tøffe tak, og sidan han ikkje klarte å bruke opp tilgodelappen sjølv så trådte eg hjelpande til og brukte den på Neil Gaiman´s siste (eg har betalt meg ut av dette altså, junior lot meg ikkje sleppe så lett unna…).

Havet i enden av veien blei den siste boka eg las i 2013, og det blei ei veldig fin avslutning på året. Magisk, forstyrrande, vemodig, skummel og fin. Eg veit ikkje heilt kva eg hadde forventa av Gaiman, men det var ikkje dette. Eg blei overraska. Først fordi boka starta så roleg og nostalgisk. Ein mann er i heimtraktene for å delta i ein begravelse i nær familie, lurer seg unna ei stund og besøker staden der han tibrakte mesteparten av barndommen. Han blir overvelda av minner frå ting som skjedde då han var sju år, og som kjem tilbake til han i desse omgivelsene. Etterkvart får vi høyre historia frå 7-åringens perspektiv. Litt etter litt kjem det magiske eller overjordiske aspekt inn i historia, og eg blir overraska over vendinga det tar (ok, skjønner at eg ikkje burde bli det i ei bok av Neil Gaiman, men likevel…). Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, men hos Knirk kan du lese ei fin omtale av boka, samt ei liste over andre gode blogginnlegg om den. Lattermild har også eit bra innlegg om boka, der ho mellom anna er litt kritisk til den norske oversettinga (som eg ikkje kan seie anna om enn at språket i den fungerte bra for meg, men så har eg heller ikkje lese orginalen…).

Havet i enden av veien handlar på mange måtar om barndom og fantasi, om å føle seg hjelpelaus som barn, og om at to menneske ikkje hugser noko som har skjedd på akkurat samme måte. Gaiman har visstnok sagt at boka delvis bygger på hans eigen barndom. På bloggen Maria i mengden fann eg ein link til eit blogginnlegg av kona til Neil Gaiman, Amanda Palmer. Ho skriv litt om dette, og meir generelt om korleis personlege erfaringar blir brukt i kunst. Forfattarar/artistar er personlege i ulik grad, nokon bruker egne erfaringer ganske åpenlyst, andre bruker det i så bearbeida form at det er vanskeleg å kjenne att kor det kjem frå eller kva det er. Ho bruker eit ganske talande bilde på dette, nemleg ein blender der kunstnaren putter oppi ingredienser – både personlege erfaringar og anna. Amanda Palmer er musikar, og seier om seg sjølv at ho etterkvart skriv ganske så direkte i tekstane sine – ho har skrudd hastigheten på «kunstblenderen» ned til nivå 2 eller 3 og det er fullt mogleg å kjenne att ingrediensane. Mens Neil Gaiman, som slett ikkje liker å vere personleg, gjerne held seg på nivå 10 slik at han ender opp med ein fin purè der det er umulig å kjenne igjen personlige erfaringar fordi det er så godt samanblanda med andre ting. Dette høyrest ikkje så bra ut her kanskje, men les innlegget til Amanda Palmer – det er litt langt, men veldig lesverdig! Poenget i denne samanhengen er at ho skriv at Neil Gaiman i denne boka, The Ocean at the end of the Lane, har skrudd ned blenderen litt, og at dette var noko som var veldig vanskeleg for han å gjere. Og ho meiner dessutan at dette er det beste Neil Gaiman har skrive (av det ho har lese, ho har nemlig ikkje lese alt…), og at ho frå no av vil anbefale dei som spør kva Neil Gaiman-bok dei bør starte med å starte med Havet i enden av veien.

Posta under Fantasy, Roman | Merkt , , , , | Éin kommentar

Oppsummering av leseåret 2013

Eg er ikkje så strukturert at eg har månadlege oppsummeringer på bloggen, og eg har heller ikkje hatt noko lesemål for året som har gått. Men ei lita oppsummering av leseåret 2013 tenkte eg kunne vere på sin plass no når vi har passert nyttår.

43 bøker er blitt lest dette året. Eg skulle jo alltids ønske å få lest meir, men innser at tida begrenser det. Sjølv om eg elsker å lese så kjem lesinga ofte eit stykke nede på prioriteringslista, etter jobb, familie (av og til i alle fall) og andre forpliktelser og forlystelser som livet byr på. Dette siste halvåret har for eksempel flytting tatt mykje tid, så det har vore lite lesing no på seinhausten.

Eg har blogga om ca halvparten av bøkene eg har lese, og det er eg forsåvidt ganske fornøyd med. Det er ikkje alle bøker eg føler behov for  skrive noko om, andre kunne eg tenkt meg å blogge om men prioriterer det vekk fordi eg føler at boka fortener noko meir enn ein enkel omtale, og dermed blir det utsatt eller valgt vekk til fordel for meir lesetid…  I desse tilfella kunne eg kanskje ha pressa meg sjølv litt meir. Next year, maybe?

Men kva har eg lese dette året? Og kva var godbitene? Eg startar med det første, og oppsummerer året i tal:

  • Som sagt, antall leste bøker: 43. Av desse var 24 av mannlege og 20 av kvinnelege forfattarar.
  • Bøker av norske forfattarar: 10 (2 av desse på nynorsk)
  • Ungdomsbøker/YA: 13
  • «1001-bøker»: 8 (Jane Austen utgjer halvparten av desse…)
  • Bookerprisvinnere: 2 (Vanære og Hvit tiger)
  • Bøker lese på engelsk: 4

Lista over leste bøker finn du her. Eg trudde eg hadde lese flest kvinnelege forfattarar i år, men ser at eg er under 50 prosent kvinneandel… Nesten ein tredjedel av bøkene eg har lese har vore ungdomsbøker, og det har vore mange positive opplevinger på den fronten. Eg har ikkje lese så mykje ny, norsk litteratur, så det er noko eg kan bli flinkare til. Kanskje eg kaster meg over kortlista til bokbloggerprisen etterkvart. Eg vil også prøve å bli meir variert geografisk til neste år, og lese meir litteratur som ikkje er europeisk eller amerikansk. Kanskje kombinere dette med å lese fleire Bookerprisvinnarar, sidan det er ganske stor geografisk spredning på desse?

Eg har oppsummert med nokre av mine favorittar frå leseåret 2013:

Årets favorittbok:

tjenerinnens beretning

Det er fleire av årets bøker som har gått inn på  «favorittbøker gjennom tidene»-lista, som Emma og Stolthet og fordommer av Jane Austen og Enders Game av Orson Scott Card. Årets høgdepunkt var likevel utan tvil Tjenerinnens beretning av Margaret Atwood. Fantastisk bok! Skal utvilsomt lese meir Atwood i 2014, og startar med Oryx and Crake i januar.

Årets favorittungdomsbok:

looking for alaskaLooking for Alaska av John Green. I sterk konkurranse med Faen ta skjebnen så var det denne som endte opp som min favoritt.  Miles, som memorerer berømte menneskers siste ord, reiser på High School for å oppleve «the Great Perhaps». I god John Green-stil så er denne proppfull av sitatvennlige avsnitt: «But I lacked the courage and she had a boyfriend and I was gawky and she was gorgeous and I was hopelessly boring and she was endlessly fascinating. So I walked back to my room and collapsed on the bottom bunk, thinking that if people were rain, I was drizzle and she was hurricane.»

Årets «vel verdt slitet»-bok

til fyretTil Fyret av Virgina Wolf. Denne sleit eg veldig med i starten og gav til slutt opp. Det var berre rein utholdenhet og konsentrasjon som dreiv meg framover, og eg hadde ingen glede av boka. Etter ein måneds tid plukka eg den opp igjen og gav den ein ny sjanse, og litt over midtvegs i boka så løsna det plutselig. Det var midt under ei middagsscene der vi følger fru Ramsey i ein av tankestrømmene sine at det kom ein referanse til Jane Austen sitt forfatterskap som fekk meg til å sjå scena i eit anna lys, og plutseleg så var det meir interessant. Når det først løsna kjente eg på lesegleden gjennom resten av boka, sjølv om det kosta innsats og uthaldenhet videre også. Er glad eg gav Til Fyret ein sjanse til, og skal jammen lese denne ein gong til no når eg har «knekt koden». Kanskje eg prøver meg på meir Wirgina Wolf til neste år?

Årets dokumentar/biografi: 

magnus carlsenMagnus Carlsen – verdens beste sjakkspiller av Hallgeir Opedal. Dette var ei bok eg kjøpte til min sjakkinteresserte 12-åring no i desember, men eg bladde litt i den og endte opp med å lese den parallellt med han (Mor: Eh, no må du snart legge frå deg boka og gå og legge deg. Sønn: Å, vil du lese videre i boka mi igjen no…?) Kanskje eg blogger om denne boka etterkvart. Den ga meg i alle fall eit innblikk i sjakkens spennande verden, full av storpolitikk, primadonnaer, geni, galskap, business og korrupsjon. Og så bekrefta den inntrykket av Magnus Carlsen som taus, mystisk og sjarmerande. 12-åringen ga forøvrig denne boka terningkast seks.

Årets favorittforfattar:

emmaJane Austen

Eg endte opp med å lese fire Jane Austen-bøker i år. Skjønner framleis ikkje kvifor eg ikkje har lese Austen før, men det førte i alle fall til fire nye kryss på 1001-lista i år, og eit flott nytt bekjentskap:) Har spart på Northanger Abbey og Persuasion, gleder meg til å lese dei til neste år! (i tillegg var det jo også Austen som hjalp meg å komme gjennom Til Fyret)

Årets favorittsjanger:

Dystopi var absolutt årets sjanger. I tillegg til kvalitetsdystopi av Margaret Atwood, så har eg dette året fullført heile tre dystopiske YA-serier:

  • Pretties, Uglies, Specials (Scott Westerfeld)
  • Divergent, Insurgent, Allegiant (Veronica Roth)
  • Matched, Crossed, Reached (Ally Condie)

Dette er bøker eg ikkje har blogga noko særleg om. Kunne ha skrive mykje om desse (og kanskje det kjem eit innlegg seinere), men nøyer meg med å anbefale alle tre seriene for dei som liker dystopi, science fiction eller fantasy.

Favoritter av norske bøker lest i år:

Tre nye bekjentskap for meg, alle gode på kvar sin måte. Klarer ikkje velge ein favoritt her, men skjønner at Vigdis Hjort er ei dame eg må lese meir av!

Med oppsummeringa av 2013 så innser eg at eg allereie har satt meg nokre mål for neste leseår… Kjem tilbake til dette i eit nytt innlegg snart:) Godt nytt leseår til alle der ute, og takk til alle bokbloggarar for gode lesetips i året som har gått!

Posta under Boklister, Diverse | Merkt , , , , | 6 kommentarar

Eventyrlege Vindeltorn

vindeltorn

Årets einaste julegåvebok under treet til meg var Vindeltorn av Tone Almhjell. Eg har fått med meg at Vindeltorn har fått gode omtaler både i USA og her i Norge, så den sto høgt oppe på ønskelista til jul. Den engelskspråklege tittelen er The Twistrose Key, og her kan du lese om historia bak boka, og kvifor boka blei gitt ut i USA før den kom ut i Noreg. Du kan også lese Bokelskerinnen sitt intervju med Tone Almhjell, der forfattaren fortel korleis boka vart til og kva ho har vore inspirert av.

Vindeltorn innfridde absolutt forventningane mine! Ei perfekt bok å lese i romjula; det råder ei eventyrlege stemning med snø og ispalass, stjernehimmel, magi og (som seg hør og bør i ei fantasybok) så utviklar det seg etterkvart til ein kamp mellom gode og onde krefter. Hovudpersonen Lin er ei jente med stor fantasirikdom, herlig utforskartrang og ei egen evne til å halde hovudet kaldt i vanskelege situasjonar.

Målgruppa for boka er eldre barn (Gyldendal har plassert den i kategorien 9-13 år), men eg tenker at dette er ei bok som passer like godt for vaksne. Av og til når eg les bøker for barn eller ungdom så kjem språket litt i vegen for handlinga, det kan bli for banalt og enkelt for ein vaksen lesar. Som til dømes når eg las Eragon-bøkene, og i starten irriterte meg over språket. Dette gløymer eg heldigvis dersom eg lever meg veldig inn i handlinga og universet som blir skildra, noko eg har veldig lett for å gjere… Det er noko med miljøskildringane og det vakre språket i Almhjell si forteljing som appellerer til meg som vaksen lesar. Eg kan difor trygt anbefale Vindeltorn til vaksne lesarar, og kan tenke meg at denne er veldig fin å lese saman med barn i passande alder. Eg prøver å overtale min eigen 13-åring til å lese boka, men han stritter imot alt som blir omtalt som fantasy (til min store fortvilelse). Eg har imidlertid ein plan om å teste ut boka på min leseglade 7. klasse etter juleferien, så dette blir sannsynlegvis neste høgtlesingsbok i klassen. Det er stor interesse for fantasybøker blant elevane mine, så det skal bli spennande å høyre kva dei meiner om boka!

Om du er nysgjerrig på Vindeltorn kan du lese første kapittel her. Mi meining er i allefall at dette er ei bok du bør lese om du er glad i gode eventyr:)

Andre som har blogga om denne boka:

Posta under Barne- og ungdomsbøker, Fantasy, Norsk litteratur | Merkt , , , | 5 kommentarar

Med bøker i flyttelasset

Det er hardt å flytte i desember! Vanlegvis så er det travelt nok å få familielivet til å gå rundt denne månaden, med diverse juleforberedelser, avslutninger og aktiviteter som ungane gjerne skulle vore med på – i tillegg til travle tider på jobb. No er i alle fall det verste unnagjort; vi er i hus og har i tillegg fått overlevert den gamle rekkehusleiligheten til nye eigarar! Så får det heller vere at ikkje ting er heilt på plass i det «nye» huset enda, og og at julepynten foreløpig er litt sparsommeleg. Julestjerna og adventsstake er i alle fall på plass, og pepperkakehus er satt saman og pynta. Julekort er på veg i posten, og er vi heldige så får vi dei til og med før jul! Bøker har det vore lite tid til siste månaden, men det håper eg å få tatt igjen i romjula:)

Bøker er forøvrig tungt å flytte på, og i følge våre flyttehjelpere så har vi altfor mange bøker… Det har vi sjølvsagt ikkje, og no når vi har flytta frå rekkehus til enebolig så får vi jo større plass til alle bøkene våre også:) Vi har ei stor og god kjellerstue som blir kombinert bibliotek og tv-stue, med fire Billyhyller langs eine kortveggen.

bibliotek

3 av 4 hyller er på plass, foreløpig fylt med ei fin blanding av romanar, biografiar, fagbøker, barnebøker, filmar, cd-er og spel…

I tillegg har vi to Billyhyller med glassskap i stova ved spisebordet, som riktignok også skal inneholde glass, skåler o.l i tillegg til bøker. Eldsteguten har også ei bokhylle på rommet sitt, fylt til randen av teikneserier og bøker. Likevel innser eg at vi ikkje får plass til alt, så det står nokre kasser i boden, der vi også har nokre gamle bokhyller. Så enten må vi sortere og gje vekk litt bøker, eller så må vi ha fleire bokhyller i hus…

bilde1

Når vi pakker opp kassar med bøker så finn eg igjen «glømte» bøker eg ikkje har lese, og nokre av desse har eg lagt i ein bunke på nattbordet – kanskje det er desse bøkene som skal lesast i juleferien? I tillegg til dei eg håper å få til jul, sjølvsagt;) Middlemarch av George Eliot har eg hatt lyst å lese ei stund no, og Tapets barn av Kiran Desai er ein indisk Bookerprisvinner som eg fann latterlig billig for ei stund sidan og berre måtte kjøpe… Fuglane av Tarjei Vesaas er eg faktisk ikkje sikker på om eg har lese, men eg veit at eg starta på den når eg var ganske ung. Isslottet er ei av favorittbøkene mine, så det er verkeleg på tide at eg får lese Fuglane no. Og Bare mjuke pakker av Levi Henriksen må jo nesten lesast i jula?

På ønskelista står forøvrig m.a. Odinsbarn, Havet ved enden av veien, Kråkenes gilde og Bridget Jones. I tillegg har eg lyst å lese Oryx and Crake av Margaret Atwood, men den trur eg skal lånast på biblioteket så eg kan lese den på norsk…  (sidan den ikkje er i salg på norsk lenger, håper Aschehoug kjem med nye opplag av Atwood sine bøker snart!)

Eg gleder meg VELDIG til lang juleferie i år! Håper på god tid til lesing, rydding, familiebesøk, avslapping, TV-serier og skigåing – og kanskje også til og med litt blogging;)

Posta under Boka på vent, Diverse | Merkt , , , , , , , , , , , , | 2 kommentarar

Looking for Alaska av John Green

looking for alaskaEtter å ha lese Faen ta skjebnen for ikkje så lenge sidan, så har eg virkelig hatt lyst å lese fleire bøker av John Green. Looking for Alaska er nettopp kome på norsk med tittelen Hvem er du, Alaska? (Gyldendal), men eg har lese den på engelsk (er i siget for tida, etter å lese Divergent-serien på engelsk…). Looking for Alaska er ei sjarmerande og herlig bok, og eg kan skjønne kvifor John Green er den mest populære forfattaren på skulebiblioteket på mange videregåande skular. Han behandler alvorlige tema, men gjer det på ein slik måte at det ikkje berre blir trist og alvorleg å lese om.

Litt om handlinga i boka: Miles er tenåring og flytter heimifrå for å gå på Culver Creek kostskole. Til no har han hatt eit trygt liv, om enn uten så mange venner. Miles flytter heimifrå med eit ønske om å oppleve «the Great Perhaps». På Culver Creek High School blir han kjent med The Colonel, den småsprø, men intelligente romkameraten, og Alaska Young; ei morsom, badass, impulsiv, belest og pen jente (men som sjølvsagt har ein kul rockestjerne-kjæreste). Livet på campus er ikkje kjedelig, innimellom forelesninger og pensumlesing skal ungdomstida opplevast og utforskast, og reglar skal brytast. Miles kaster seg ut i the Great Perhaps og opplever vennskap, loyalitet, kjærlighet og tap med stor intensitet.

Personkarakteristikkane, språket, dialogen, filosofien, budskapet – eg er imponert og sjarmert på alle plan. Det er ei bok som er full av sitatverdige avsnitt, som dette som beskriv Miles sitt syn på forskjellane mellom han og Alaska:

I wanted so badly to lie down next to her on the couch, to wrap my arms around her and sleep. Not fuck, like in those movies. Not even have sex. Just sleep together in the most innocent sense of the phrase. But I lacked the courage and she had a boyfriend and I was gawky and she was gorgeous and I was hopelessly boring and she was endlessly fascinating. So I walked back to my room and collapsed on the bottom bunk, thinking that if people were rain, I was drizzle and she was hurricane.

Karakterane i John Green sine bøker (her tar eg meg frihet til å generalisere utifrå dei to eg har lese så langt…) er ekstremt sjarmerande og lett å bli glad i (og irritert på), på tross av sine feil og manglar, eksentriske sider og humørsvingningar. Green er flink til å beskrive ungdomar litt på randen av «dei vanlege», dei med ein spesiell bakgrunn – og gjerne dei som er litt småeksentriske eller «nerdete». John Green slår da også eit slag for nerdene i verden, gjennom videobloggen han og broren Hank Green har på youtube, og nettsida Nerdfighters. Dei tre hovudpersonane i Looking for Alaska røyker, drikk, speler playstationspel og pønsker ut rampestreker på campus. Men bøker og lesing er også viktig for dei. The Colonel er smart og får gode karakterar, Miles les biografiar og er opptatt av kjente personers siste ord i livet, og Alaska har sitt eget lille bibliotek på rommet: 

Every summer since I was little, I’ve gone to garage sales and bought all the books that looked interesting. So I always have something to read. But there is so much to do: cigarettes to smoke, sex to have, swings to swing on. I’ll have more time for reading when I’m old and boring.

John Green fortel i videoen under korleis hans eigen High School, Indian Springs School, har vore modell for Culver Creek High School.

Og her er ein videoblogg der forfattaren fortel om arbeidet med boka, og korleis så mange menneske har deltatt i prosessen fram mot boka slik den blei til slutt. Interessant å høyre i kor stor grad boka blei skrive om etter at den var antatt av forlaget.

Silje har også blogga om Looking for Alaska, og anbefaler boka.

Posta under Barne- og ungdomsbøker, YA/Ung vaksen | Merkt , , , , | Éin kommentar

Margaret Atwood, dystopi og feminisme

Margaret Atwood er ein forfattar eg lenge har hatt lyst å lese, så når eg såg at The Handmaid´s Tale var månadens 1001-lesesirkelbok hos Line´s bibliotek så var det ein passande anledning til å komme i gang. Eg kom over pocketutgåva på norsk i sommar, med tittelen Tjenerinnens beretning. Det ryktast at denne ikkje er å få kjøpt på norsk lenger, så det håper eg at forlaget har planar om å gjere noko med! Fleire bør lese denne, også blant oss som ikkje er heilt komfortabel med å lese bøker på engelsk.

margaret-atwood

Margaret Atwood (fødd 1939) er kanadisk forfattar med eit stort tal utgitte bøker; romanar, novellesamlingar og diktsamlingar. Atwood har vore aktuell i det siste som ein sterk kandidat til Nobelprisen i litteratur. Ho er også aktiv på Twitter og ein profilert miljøaktivist.

Tjenerinnens beretning er ei bok som traff meg med ein gong. For det første liker eg veldig godt måten Atwood byggjer opp historia på, og for det andre så er eg i utgangspunktet veldig svak for dystopiar. Det er mykje ein kan skrive om denne boka, og mange aspekt å ta tak i, men eg begrensar meg til dette i denne omgang.

I Tjenerinnens beretning følger vi Offred, ei kvinne som tilhører kategorien tjenerinner. Det er stemmen hennar vi høyrer, som ein indre monolog gjennom boka, og det er gjennom Offred sin stemme vi gradvis får meir og meir innsikt i korleis dette samfunnet fungerer. Atwood held lesaren i uvitenhet i starten av boka, og det er berre små drypp med informasjon om samfunnet rundt Offred og om forhistoria hennar. Vi skjøner at det er eit totalitært samfunn der kvinner er nærast utan rettar, og at kvinnene er delt i kategoriar etter kva roller eller arbeidsoppgåver dei har. Menn med makt har både koner og tjenerinner, og tjenerinnens oppgåve er å bære fram barn (ein parallell til bibelhistoria om Rakel, Jakob og slavekvinna Bilha). Etterkvart får vi høyre om Offred sitt liv før kuppet som førte til denne nye samfunnsordenen, om dattera og mannen som ho vart adskilt frå. Vi får høyre om gradvise endringar i samfunnet som etterkvart blei meir dramatiske og endte med det patriarkalske diktaturet Gilead, styrt av fanatiske religiøse grupper. Måten historia blir fortalt på, det at vi gradvis får eit større bilete av samfunnet og historia til hovudpersonen, gjer meg veldig nysgjerrig og får meg til å lese videre. Eg liker at eg må føle meg fram og gjette kva som har skjedd, og lese videre for å få historia avdekka lag på lag. Og eg liker at eg ikkje får alle svara eg gjerne vil ha til slutt, men blir gåande og tenke på boka lenge etter at den er ferdig lese.  

tjenerinnens beretningThe Handmaids Tale blei utgitt i 1985, og Margaret Atwood skreiv første delen av boka mens ho budde i Vest-Berlin, omgitt av Berlinmuren. I ein artikkel i The Guardian frå 2012; Haunted by The Handmaid´s Tale, fortel Atwood om skriveprosessen og livet boka har levd i offentlegheten etterpå. Ho skriv om sitt val av teokrati som styreform i den dystopiske utgåva av USA ein gong i framtida, eit teokrati som i likhet med andre bygger på nokre utvalgte avsnitt frå ein heilag tekst for å rettferdiggjere samfunnsordenen. Atwood meiner at eit diktatur må byggje på nokre strukturar som allereie er til stades i samfunnet, og at den religiøse arven står så sterkt i USA at dette er den mest sannsynlege formen for diktatur utløyst av ein periode med kaos. 

Atwood meiner sjølv at ho ikkje skriv science fiction, men det ho kallar fantastisk fiction. Det ho skriv er realistisk på den måten at ho forsterkar tendensar ho ser i samfunnet, og skildrar noko som ho meiner kunne skjedd under visse føresetnadar. I arbeidet med The Handmaid´s Tale laga ho ein regel for seg sjølv: Å ikkje inkludere noko som menneske ikkje allerede hadde gjort ein eller annan stad i verda ein eller annan gong, eller noko som ein ikkje allereie har teknologien til å gjere:

«The group-activated hangings, the tearing apart of human beings, the clothing specific to castes and classes, the forced childbearing and the appropriation of the results, the children stolen by regimes and placed for upbringing with high-ranking officials, the forbidding of literacy, the denial of property rights: all had precedents, and many were to be found not in other cultures and religions, but within western society, and within the «Christian» tradition, itself.» (frå artikkelen Haunted by The Handmaid´s Tale)

Frå The English National Opera produksjonen av The handmaids Tale i 2003. Fotografi: Tristram Kenton, The Guardian.

Frå The English National Opera produksjonen av The handmaids Tale i 2003. Fotografi: Tristram Kenton, The Guardian.

Noko av det eg liker ved gode dystopiar, er den innebygde samfunnskritikken. Det er forfriskande med forfattarar som deltek i samfunnsdebatten på sin måte, og stiller spørsmål ved kva veg samfunnet beveger seg. Det som gjer The Handmaid´s Tale så skremmande, er at dei samfunnsendringane Atwood skildrar i boka skjer så gradvis at folk ikkje reagerer før det er for seint. Dei høyrer om ting som skjer, men tek det ikkje på alvor. Det er for utenkeleg at ein skal miste rettar som ein tek for gitt i samfunnet.

Endring skjer aldri momentant. I et badekar der vannet blir varmere og varmere, kan en bli kokt i hel før en vet ordet av det. Det sto jo ting i avisene, lik i grøfter eller i skogen, brutalt slått i hel eller lemlestet, misbrukt, som man sa, men det gjaldt andre kvinner, og mennene som gjorde slikt, var andre menn. Det var aldri menn vi kjente. Det som sto i avisen, var som drømmer, onde drømmer drømt av andre. Så fælt sa vi, og det var det. Men det var fælt uten å være troverdig. Det var for melodramatisk, det hadde en dimensjon som ikke hørte til i våre liv.

Med andre ord; ikkje ta ting for gitt, rettar ein har kjempa fram gjennom årtier kan forsvinne på eit blunk og feminisme er ikkje overflødig enda. Heller ikkje kampen mot undertrykking generelt.

Eit lite boktips til slutt: The Handmaid´s Tale minner meg litt om ei anna bok eg har lest og blogga om, He, she and it av Marge Piercy (på norsk: En fantastisk mann, ein tittel eg ikkje liker like godt…) – dette er også ein dystopi med ein viss feministisk vri. Anbefaler denne boka til alle som likte The Handmaid´s Tale! Dette er ei bok med meir ytre handling, men mange spennande karakterar og fascinerande miljø.

Posta under 1001-bøker, Dystopi, Science fiction | Merkt , , , , , , , , , , | 10 kommentarar