Våtmarken av Jhumpa Lahiri

Vaatmarken_hd_imageForfattaren Jhumpa Lahiri er indisk-amerikansk, vant Pulitzerprisen for debutboka The Interpreter of Maladies og blei i 2013 nominert til Bookerprisen for denne romanen; Våtmarken (havna på kortlista).

Boka handlar om to brødre som veks opp i Calcutta, India, på 60-tallet. Brødrene er sterkt knytta til kvarandre, men er svært ulike av personlighet. Udayan blir involvert i den kommunistiske naxalittbevegelsen, mens Subhash flytter til USA og starter sin akademiske karriere. Då Udyan blir drept, reiser Subhast tilbake til Calcutta for å sørge saman med foreldra og Udayan´s gravide kone, Gauri. Han tar Gauri med seg tilbake til USA for å gje ho sjansen til å starte eit nytt liv der.

Boka gir eit interessant innblikk i livet i Calcutta på 60-talet og naxalittbevegelsen, og viser korleis det personlige og det politiske grip inn i kvarandre. Eg har ein egen fascinasjon for India, og liker godt å lese bøker frå dette fargerike og mangfoldige landet. Dette er bok med mange kvalitetar, men den levde kanskje ikkje heilt opp til mine forventningar. Eg veit ikkje om det var tempoet i boka eller karakterane eg ikkje kom heilt under huden på, men det mangla det siste lille ekstra for min del. Men for all del; ei godt skrive historie som er verdt å lese.

Ein anledning til å ha med eit bilde frå India. Riktignok ikkje Calcutta på 60-talet, men Varanasi i 1999.

3 andre bøker frå India som eg synest du absolutt bør lese:

About Frøken Vims

Lærar & vestlending. Fotballmamma. Vimsekopp. Periodelesehest og periodebloggar. Glad i å lese fantasy og science fiction, morsomme bøker og romantiske bøker, serier og Nobelprisvinnarar, feelgoodbøker eller tåreperser. Til og med krim ein sjeldan gong. Les barne- og ungdomsbøker med egne barn og med elevane mine. Kan kontaktast på vims@live.no
Dette innlegget vart posta under Roman og merkt , , , , . Bokmerk permalenkja.

Kommenter innlegget